Kvalitetssatsinga i Helse Vest 

Helse Vest skal tilby helsetenester av høg kvalitet. Det betyr at helsetenestene skal ha effekt, vere trygge og tilgjengelege, involvere brukarane, vere samordna og prega av kontinuitet og utnytte ressursane på ein god måte.

Helse Vest sitt svar på dette er ei langsiktig regional kvalitetssatsing som har fokus på kjerneverksemda pasientbehandling. Kvalitetssatsinga skal vere lokalt forankra i helseføretaka og sentralt koordinert av Helse Vest.

Kvalitetssatsinga har følgjande mål:

  • Det skal vere ein kultur for læring og forbetring, der organisasjonen kollektivt lærer av feil og systemsvikt.
  • Systematisk kvalitetsarbeid skal vere integrert og prioritert i verksemda på lik linje med andre hovudoppgåver og som ein del av den daglege verksemda.
  • Føretak og institusjonar skal ta sjølvstendige initiativ til eigne tiltak i kvalitetsarbeidet i større omfang enn tidlegare.
  • Føretak og institusjonar skal bruke resultat frå kvalitetsindikatorar, medisinske kvalitetsregister, pasientsikkerheitssystem, tilsynsrapportar og erfaringar frå brukarane for å forbetre og justere tenestene.

Det er sett i gang arbeid innan desse temaområda:

Kunnskap
som grunnlag for fagleg verksemd og for rådgiving.
Pasientfokus for å ivareta pasientane på ein god måte.
Pasienttryggleik - førebyggje og redusere risiko for utilsikta hendingar.
Måle resultat - som grunnlag for forbetring.

Internkontroll og risikostyring - føresetnader for kvalitetssatsinga

Organisering
Helse Vest har etablert ei styringsgruppe som skal ha ein strategisk, initierande og koordinerande funksjon i kvalitetssatsinga. Styringsgruppa består av fagdirektørane i regionen og ein representant for Det regionale brukarutvalet og for dei konserntillitsvalde.

Det er òg etablert eit Kvalitetsforum som ein felles møteplass og eit koordinerande bindeledd mellom det regionale helseføretaket og helseføretaka/dei private ideelle avtaleinstitusjonane, i arbeidet med å følgje opp den regionale kvalitetssatsinga.

Lokal forankring og sentral koordinering
Hovudtyngda av arbeidet blir drive på lokalt nivå med helseføretaket som ansvarleg, men på nokre vesentlege område er det behov for eit felles arbeid på tvers av føretaksgrensene i regionen. I samband med det, er det er sett i gang mange regionale prosjekt. På desse områda vil det vere nødvendig med ei sentral koordinering av arbeidet.

Midlar til gjennomføring av prosjekta
Det er tildelt midlar til gjennomføring av prosjekta. Når prosjektperioden er over, vil frigjorte midlar bli nytta til nye prosjekt.

Avtaler
Det er inngått forpliktande avtaler mellom helseføretaka og Helse Vest RHF om gjennomføring av og deltaking i dei ulike regionale prosjekta.

 Til hjelp i forbetringsarbeidet

Kvalitetssatsinga i Helse Vest

 Styresaker

 Meir om kvalitetssatsinga

 Nytt frå Kunnskapssenteret

Henter data
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox