Sommarjobb i eit helseføretak er ein sommarjobb med meining, anten du jobbar direkte med pasientbehandling eller på ein av dei mange andre områda verksemda vår har. Vi i Helse Vest vil gjerne høyre historia om sommarjobben din: Om kvifor du søkte deg til denne jobben, om møtet ditt med arbeidsplassen, ja kort sagt, historia om korleis årets sommarjobb hos oss er eller har vore.
I Helse Vest er vi opptekne av at fleire skal velje yrka det er behov for i helseføretaka på Vestlandet, at folk trivst og at fleire ser dei mange moglegheitene som ligg i ein jobb her. Derfor er di historie viktig for oss. Vi vil høyre korleis nettopp ditt møte med ein spennande arbeidsplass har vore.
1. september trekkjer vi to heldige vinnarar av kvar sin iPad mellom dei som sender inn bidrag. I tillegg ønskjer vi å bruke minst eitt av innlegga vi får på bloggen vår, Blogg i vest.
Med ønske om ein riktig god sommar!
Bidraget ditt sender du til info@helse-vest.no – eller du kan sende det som ei melding til oss via Facebooksida vår Helse Vest RHF.
Historiene må ikkje innehalde informasjon som omtaler pasientar/pårørande direkte. Retningslinene i kvart føretak for bruk av informasjon og bilete skal følgjast, dette gjeld og bilete og informasjon om kollegaer. |
Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.
Publisert
09.07.2012 14:40 |
Endret