Link til hovedinnhold
Link til hovedmeny
English
Aktuelt
Pasient
Fag
Jobb
Media
Om oss
Helse Vest RHF
/
Aktuelt
/
Nyheiter
Blogg i vest:
Ta kunnskapen i bruk!
I spesialisthelsetenesta er vi gode til å finne ny og betre kunnskap. Vi er mindre flinke til å ta han i bruk.
Av Anne Grimstvedt Kvalvik, seniorrådgivar Helse Vest RHF
I år 1601 oppdaga sjømannen James Lancaster ein verdssensasjon. På denne tida førte mangelsjukdommen skjørbuk til at sjøfolk døydde som fluer på lengre reiser. Då Lancaster sette segl med fire skip i retning India, var det som å spele russisk rulett med liva til matrosane ombord.
Engelskmannen sin genistrek var at han baud mannskapet på eitt av skipa litt sitronjuice kvar dag: Halvveges til India var 110 av 278 sjøfolk på dei tre andre skipa daude av skjørbuk – av dei som fekk sitronjuice, var alle i live. Botemiddelet mot skjørbukens forbanning var oppdaga.
Og her kjem eg til poenget: Trass i Lancaster si oppdaging, skulle det gå 194 år før sitrusfrukt blei innført som del av dietten i den britiske marinen. Ytterlegare 70 år før den britiske handelsflåta følgde etter. Effekten av sitrusfrukt hadde då vore kjend i 264 år.
Så kva har vi lært av Sir James Lancaster? At sjølv livreddande kunnskap i seg sjølv ikkje utløyser endring eller kvalitetsforbetring. Slik forbetring består ofte i å fylle gapet mellom det vi veit at vi bør gjere, og handlingane vi faktisk utfører.
Her heime har journalgransking nyleg vist at kvar sjuande pasient på norske sjukehus blir påført skade grunna helsetenesta sine ytingar eller mangel på ytingar. Ikkje alle skadane kan hindrast – effektiv behandling fører jo ofte med seg risiko. Men vi reknar at halvparten av skadane er mogleg å unngå.
No tek spesialisthelsetenesta affære, gjennom kvalitetssatsinga og pasienttryggleikskampanjen ”
I trygge hender
”. Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Vi har prosjekt kring riktig bruk av legemiddel, tiltak for å lære av feil, rutinar for å sikre god handhygiene, og opplæring i litteratursøk for å kome fram til nye retningsliner for behandling. Mange medarbeidarar legg ned ein stor innsats, mange fleire tiltak er undervegs.
Vidunderleg medisinsk forsking flytter grensene for kva som er mogleg. Men vi treng også kompetanse om korleis vi skal omsetje kunnskapen til praksis – jamfør historia om Sir James Lancaster og sitronjuicen. Slike problemstillingar inngår i økonomi- og leiingsfaga, men ikkje i helsefagutdanninga. I Kvalitetssatsinga inngår derfor skolering av helsepersonell i endringsleiing.
Vi kan jo ikkje vente i 264 år.
Ha ei god kvalitetsveke!
Publisert 21.11.2011 08:00 | Endret 21.11.2011 10:40
(Skjult) Publisert av eining
(Skjult) Handlar om
Blogg kvar måndag
Kvar måndag bloggar leiinga og andre
sentrale personar i Helse Vest om kva
moglegheiter og utfordringar
helseføretaka på Vestlandet står
ovanfor.
Siste blogginnlegg
Kabalen gjekk opp!
Tankar frå Reuma-Sol
For mange byråkratar i spesialisthelsetenesta?
Rettvis fordeling av inntekter – er det mogleg?
Paul Chaffey om innovasjon og Helse Vest
Ambisiøse helsemål
Gratulerer med 10 gode år!
Godt nytt samhandlingsår
Ein ny start for Nordfjord – og lokalsjukehuset
Portalen inn i det ukjende
Ta kunnskapen i bruk!
Ute å køyre
Stopp en hal! Kva er det som skjer?
Skreddarsaum i rekordfart
Fire veker som må endre sjukehuset
Pengane eller helsetilbodet!
Neste steg: Gi pasienten ein dato!
Grønt sjukehus – miljøstyring i sjukehusa
Informasjonen må følgje pasienten
Noko å lære av orkesteret?
Nærare for mange – sentralisert for dei få
Gode medarbeidarar gir gode helsetenester
År 2020 – her og no!
Om bloggaren
Anne Grimstvedt Kvalvik er revmatolog
og seniorrådgivar i Helse Vest RHF,
med Kvalitetssatsinga som spesiale.
Les meir om kvalitetsarbeidet på
www.pasientsikkerhetskampanjen.no
Facebook
Trykk "Like" og diskutér på Facebook
- eller del saka på Twitter:
Tweet
TIPS EN VENN
TILBAKEMELDING
SKRIV UT
DEL PÅ FACEBOOK
DEL PÅ DELICIOUS
Kontakt oss
|
Nettstadskart
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger |
helse@helse-vest.no
|
Webredaktør
|
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox
Din e-postadresse:
Mottakers e-postadresse
Avbryt
Din e-postadresse:
Din melding:
Avbryt
Det kan desverre ikke gis
tilbakemelding på denne artikkelen.