– Det må ikkje vere tvil om at dei vedtaka som er gjort i føretaksmøtet står fast. Vedtaka seier kva tenestetilbod Nordfjord sjukehus skal ha, sa administrerande direktør Herlof Nilssen under møtet. Ein del av dette vedtaket omhandla etablering av prosjektet «Framtidas lokalsjukehus». Nilssen gjorde greie for kva mandat prosjektet har:
– Prosjektet Framtidas lokalsjukehus skal ikkje gjere noko ny vurdering av det tenestetilbodet som er vedtatt at sjukehuset skal ha. Mandatet til prosjektet er å vurdere og gi tilråding om endra oppgåvefordeling mellom nivå og, blant anna, kva ytterlegare pasientretta aktivitet som kan bli organisert ved sjukehuset for pasientgrupper som i framtida vil ha størst behov for helsetenester lokalt. Endringar i drift eller driftsform skal likevel skje innanfor dei økonomiske rammene som føretaket har.
Eit vidare tema under møtet var ei klargjeringa av avgjerdsprosessane knytte til prosjektet ved Nordfjord sjukehus. Helse Vest er prosjekteigar. Prosjektet har eit mandat og gjer vurderingar, leverer analysar og tek avgjersler knytte til dette, mens prosjektet sine endelege tilrådingar skal behandlast vidare. Forslaga frå prosjektet skal behandlast i Helse Vest og i Helse Førde, og det vil vere naturleg å sende desse på høyring i samband med at ein skal ta endelege avgjersler.
Når det gjeld situasjonen rundt spesialisthelsetenesta i Florø understreka Helse Vest at her, som i andre tilfelle, gjeld sjølvsagt vedtaka som er fatta i føretaksmøte. Det skal vere spesialisthelseteneste i Florø og ein følgjer dei styringssignala som er vedtatte av føretaksmøtet. Vedtaka legg ikkje føringar på lokaliseringa av tenestene i Florø, slik partiet Venstre hevdar.
Representantane frå Frp Sogn og Fjordane var godt nøgde etter møtet. – Vi har tillit til den informasjonen som er gitt og konstaterer at denne stemmer overeins med orienteringa vi har fått tidlegare. Det er viktig at det blir ro rundt Nordfjord sjukehus no, at framlegg baserer seg på fakta og at alle bidreg konstruktivt til utviklinga.
Frå Helse Vest møtte styreleiar Oddvard Nilsen, administrerande direktør Herlof Nilssen og kommunikasjonsdirektør Bente Aae. Frå Sogn og Fjordane FrP møtte fylkesleiar Frank Willy Djuvik, stortingsrepresentant Åge Starheim, Kristine Lie og Lars-Svein Drabløs.
Meir informasjon, oppdateringar og bakgrunn for prosjektet Framtidas lokalsjukehus er tilgjengeleg på nettsida www.framtidaslokalsjukehus.no.
Publisert
20.08.2012 09:20 |
Endret
20.08.2012 09:28