Føretaksmøte i Helse Vest tysdag 31. januar 

Det blir halde føretaksmøte mellom Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) og Helse Vest tysdag 31. januar. I møtet blir oppdraget for 2012 formelt overlevert. Helseministeren vil òg utnemne nytt styre for Helse Vest.
Av Siri Tjessem Fjælberg, Helse Vest RHF
 
Møtet blir halde cirka kl 15:45 i Pilestredet 28 i Oslo.

Oppdragsdokumentet frå HOD og protokollar frå føretaksmøtet blir lagde ut på Helse- og omsorgsdepartementet sine nettsider.
 
For å nå måla i oppdragsdokumentet held Helse Vest RHF føretaksmøte med helseføretaka i regionen. I desse møtene blir styringsdokumentet for 2012 overlevert. Føretaksmøta med helseføretaka vil bli haldne i veke 6.

Styringsdokumenta for helseføretaka blir lagde ut her når dei er klare.

Publisert 30.01.2012 15:15 | Endret 01.02.2012 14:22 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox