God kvalitet gir trygge tenester 

Fleire medium har den siste tida omtalt ei undersøking frå Forbrukerrådet om folk si tiltru til helsetenestene. Trass i at overskriftene i pressa legg vekt på andre forhold: 9 av 10 personar har ganske høg eller høg tillit til helsetenesta.
Av Siri Tjessem Fjælberg , Helse Vest RHF
 
Heile 82 prosent vurderer kvaliteten på helsetenestene som god eller svært god, 15 prosent meiner kvaliteten er ganske dårleg eller dårleg.

– Vi kan alltid bli betre. Helse Vest har sett seg ambisiøse mål, og det vil seie at vi skal halvere talet på skadar som kan unngåast i sjukehusa innan 2017. Vi skal også sørgje for at alvorlege skadar som kan hindrast, skal vere null i løpet av dei same fem åra, seier Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest.

– God kvalitet er eit viktig utgangspunkt for all verksemd. Vi arbeider for å auke denne kvaliteten ved å leggje vekt på prioritering, innføring av nye metodar og teknologi, pasientlogistikk og samhandling. Mykje godt arbeid er gjort, men vi må aldri lene oss tilbake og tenkje at jobben er gjort. Utfordringane er mange, men moglegheitene har aldri vore større enn no, seier Nilssen og held fram: – Tiltaka kjenner vi. Betre rutinar, høgare kompetanse og tettare samarbeid. Vi har ei storstilt satsing på heving av kvaliteten på behandlinga – slik at endå fleire av pasientane våre kan kjenne seg trygge.

Etter å ha vore i emning i nokre år, blir kvalitetssatsinga i Helse Vest rulla ut på brei front i 2012. Ei lang rekkje forskingsbaserte tiltak er utprøvd og er no klare for å bli sette i verk på sjukehus frå Egersund i sør til Eid i nord.

Les meir om kvalitetssatsinga i Helse Vest

Publisert 11.07.2012 23:15 | Endret 13.07.2012 10:50 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox