Helse Vests forskingskonferanse 2010 

Det regionale samarbeidsorganet og Helse Vest RHF arrangerer sin åttande forskingskonferanse torsdag 14. og fredag 15. oktober 2010. Konferansen blir arrangert på Solstrand Hotel og Bad, Bergen/Os.
 

Konferansen startar kl 16.00 torsdag ettermiddag og blir avslutta med lunsj fredag.

Målgrupper for konferansen er styremedlemmer, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene.
Det er sett eit øvre tak på tal deltakarar, 80 rom/ca. 100 deltakarar.

Sjukehusdirektør ved Haraldsplass diakonale sykehus koordinerer påmeldingane frå dei private, ideelle organisasjonane som har driftsavtale med Helse Vest, mens leiar av Det regionale samarbeidsorganet for høgskulane, plansjef Hans Stenby, koordinerer påmeldingar frå høgskulane i regionen.

Kostnadene til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Det blir lagt til grunn at den enkelte institusjon dekkjer reisekostnader for sine deltakarar.

Påmelding skjer via vår konferansearrangør Kongress og Kultur AS. Klikk her for å melde deg på konferansen. Påmeldingsfrist er måndag 20. september 2010.
Spørsmål om påmelding kan rettast til regionalt kompetansesenter for klinisk forsking på
forskning@helse-vest.no.


Publisert 02.09.2010 14:10 | Endret 05.10.2010 15:02 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox