Forskarnytt:

Helse Vests forskingskonferanse 2011 

Det regionale samarbeidsorganet og Helse Vest RHF arrangerer sin niande forskingskonferanse torsdag 13. og fredag 14. oktober 2011.
 
Konferansen blir arrangert på Solstrand Hotel og Bad, på Os ved Bergen.

Konferansen startar kl 16.00 torsdag ettermiddag og blir avslutta med lunsj fredag. 

Målgrupper for konferansen er styremedlem, leiarar og forskarar, og dei involverte institusjonane er blitt bedne om å sørgje for at invitasjonen når dei aktuelle gruppene.
Det er sett eit øvre tak på tal på deltakarar, 80 rom/ca. 100 deltakarar.

Sjukehusdirektør ved Haraldsplass diakonale sykehus koordinerer påmeldingane frå dei private, ideelle organisasjonane som har driftsavtale med Helse Vest.

Kostnadene til overnatting og mat blir dekt av Helse Vest RHF. Det blir lagt til grunn at den enkelte institusjon dekkjer reisekostnader for sine deltakarar.

Påmelding skjer via vår konferansearrangør Kongress og Kultur AS. Klikk her for å melde deg på konferansen. Påmeldingsfrist er måndag 19. september 2011.

Spørsmål om påmelding kan rettast til regionalt kompetansesenter for klinisk forsking på
forskning@helse-vest.no.


Publisert 22.06.2011 08:35 | Endret 29.06.2011 11:22 
Regional forskingskonferanse
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox