– Ei samla vurdering av prisar og innskotsvilkår på bankkonti og kvalitet på system og tenester har vore avgjerande for valet vårt, seier administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest RHF (regionalt helseføretak).
Den nye avtalen gir betre innskotsvilkår, og DNB er ein solid og stor nasjonal aktør som har dokumentert at dei kan levere dei tenestene det er snakk om. Også dei tre andre regionane valde DNB.
– Vi er veldig glade for at helseføretaka har valt oss i DNB etter ein tøff og krevjande anbodskonkurranse. Dette er ei stor verdsetjing for oss. Vi håper at våre vilkår og vår kompetanse bidreg til fortsatt gode spesialisthelsetenester på Vestlandet, seier konsernsjef i DNB, Rune Bjerke.
For å sikre best mogleg konkurranse, og for å gi bankar med ein meir regional profil moglegheit til å delta, var konkurransen organisert med fire deltilbod, eitt for kvart RHF. Det var soleis høve til å gi inn tilbod til éin, fleire eller alle regionar.
Helse Vest RHF har DNB som leverandør på banktenester i dag. Om alt går slik ein har planlagt vil den nye avtalen vere på plass 1. april 2012.
Anskaffingskonkurransen blei gjennomført av Helseforetakenes innkjøpsservice AS (HINAS) i Vadsø for dei fire regionale helseføretaka. Oppdragsgivar kan forlengje avtalen med 1 + 1 år. Tilbydarane har klagefrist til 20. februar 2012.
Helse Vest RHF har ei omsetjing på nærare 22 milliardar kroner. Verksemda er organisert med hovudkontor i Stavanger, og har fem helseføretak og eit IKT-selskap eigd av Helse Vest RHF.
DNB er den største banken i Noreg, og eit av dei største finanskonserna i Norden. Banken har 220 kontor i Noreg, og har verksemd i 22 land.
Kontaktperson:
Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF, tlf.: 415 33 807
Publisert
06.02.2012 11:05 |
Endret
06.02.2012 13:11