– Eit oppløftande resultat. Vi er godt fornøgde med at medarbeidarane har så stor tiltru til behandlinga som blir gitt der dei sjølve arbeider, seier Anne Grimstvedt Kvalvik som er leiar for Pasienttryggleikskampanjen «I trygge hender» i Helse Vest.
Lett å spørje
Det er gjennomgåande gode resultat. Aller best ut kjem utsegnet «Her er det lett for tilsette å spørje om det er noko dei ikkje forstår» med heile 87 i score. «Eg ville kjenne meg trygg om eg var pasient her» er nest best med 84 i score. Det er også høg tiltru til at medisinske feil blir handterte riktig (80). Dårlegast ut kjem tiltrua til sjukehusleiinga si handtering av pasienttryggleiken. Tiltrua til at den lokale leiinga ikkje ville gjere noko som kan gå ut over pasienttryggleiken er betre, med ein score på 71.
Ikkje godt nok kommunisert
– Korleis leiinga blir oppfatta i pasienttryggleiksspørsmål er eit forbetringsområde. Det handlar ikkje nødvendigvis om at leiarar ikkje er opptekne av pasienttryggleik, men dette blir kanskje ikkje godt nok synleggjort for dei som driv pasientbehandling, seier Anne Grimstvedt Kvalvik.
Visitt
Ho meiner at dei har gode tiltak som svar på denne utfordringa
– Vi lanserer blant anna «pasienttryggleiksvisittar». Her blir toppleiarane med helsepersonell på visitt i avdelinga, og tema er pasienttryggleik. Dette opnar for dialog og læring for begge partar. Dessutan er målingane eit godt utgangspunkt for diskusjonar mellom medarbeidarar og leiarar om kva som er bra og kva som kan bli betre i pasientbehandlinga, seier Kvalvik.
Ho legg til at det i tillegg blir sett i verk tiltak for blant anna å sikre rett bruk av legemiddel, for å hindre sjukehusinfeksjonar og for å hindre at pasientar fell i sjukehuset.
Om undersøkinga
I undersøkinga svarar 12 000 medarbeidarar på 16 utsegner om pasienttryggleikskultur. Svara er rangerte på ein skala frå 0 til 100 der 100 er best. Svarprosenten er høg: Heile 74 prosent av dei 16 000 spurde har svart. Svaralternativa har gått frå heilt einig til heilt ueinig i fem trinn.
Undersøkinga er gjennomført ved alle sjukehusa i Helse Vest, inkludert private sjukehus med avtale med Helse Vest, slike som Haraldsplass Diakonale Sykehus og Jæren Distriktspsykiatriske senter.
Her finn du tabellen som viser samla resultat og resultat per føretak.
Målsettinga i vest:
I løpet av 5 år:
- Halvere talet på pasientskader som kan forhindrast
- Få vekk alle alvorlege pasientskader
I januar 2011 starta den største satsinga på pasienttryggleik nokon gong. Ut 2013 skal ”I trygge hender” vise seg i spesialist- og primærhelsetenesta på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet. Måla for kampanjen er:
– Redusere talet på pasientskader
– Byggje varige system og strukturar for pasienttryggleik
– Forbetre pasienttryggleikskulturen i helsetenesta
Definisjon pasienttryggleik:
Pasienttryggleikskampanjen definerer pasienttryggleikskultur slik: «De verdier, holdninger, oppfatninger, kompetanse og atferdsmønstre som får betydning for hvordan sikkerhet prioriteres i pasientbehandlingen»
Les meir om kampanjen på www.pasientsikkerhetskampanjen.no
Publisert
20.06.2012 22:55 |
Endret
21.06.2012 11:31