Redningsarbeid etter store katastrofar krev at mange enkeltpersonar må ta raske og vanskelege avgjerder som skal kommuniserast effektivt. Klimaendringar og samfunnsutviklinga viser tydeleg at vi må bu oss på at utenkjelege hendingar vil skje.
Terroranslaga i Oslo og på Utøya er ei uhyggjeleg påminning. Oljekatastrofen i Mexicogolfen, tsunami og jordskjelv i Japan og skogbrannar i Hellas og Portugal er andre døme på behovet for godt koordinert og effektivt redningsarbeid.
Gjennom finansiering av prosjektet BRIDGE (Bridging resources and agencies in large-scale emergency management) har EU teke tak i problemstillinga.
Blant 14 partnarar frå sju land finn vi regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter Helse Vest (RAKOS) ved Stavanger universitetssjukehus. SINTEF koordinerer arbeidet med å utvikle teknologi for å betre kommunikasjonen og samhandlinga på tvers av etatar og landegrenser.
Prosjektleiar Jan Håvard Skjetne konstaterer at vi alt har tilgang til store mengder informasjon og moglegheit for kommunikasjon gjennom sensorar, mobiltelefonar, satellittar og internett.
– Det er eit paradoks at vi i dag ikkje greier å nytte dette effektivt nok i store redningsaksjonar, meiner han.
No skal han leie arbeidet med å finne løysingar som blant anna skal betre informasjonsflyten under katastrofane. Skjetne legg til at menneska som skal bruke systema må liggje til grunn for all teknologiutvikling, og dette er utgangspunktet for BRIDGE-prosjektet.
Målet er å sikre betre kommunikasjon og samhandling mellom etatar og organisasjonar, både nasjonalt og på tvers av landegrenser. På den måten vil naudetatar (politi, brann og helse) få betre føresetnad for å redde liv og avgrense skadeomfang.
BRIDGE-prosjektet blei oppretta i april i år og skal etter planen gå over fire år.
Kontaktperson for media er:
Prosjektleiar for BRIDGE, Jan Håvard Skjetne: 934 09 191
Administrerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus, Bård Lilleeng: 900 72 708
Publisert
18.08.2011 13:10 |
Endret
19.08.2011 08:13