Oppstart i Helse Vest:

Måler pasienttryggleikskulturen 

Denne veka går startskotet for den nasjonale undersøkinga av pasienttryggleikskultur i Noreg. Helse Vest er første føretaksområde ut når medarbeidarar som har direkte kontakt med pasientar er bedne om å svare på 16 spørsmål.
Av Siri Tjessem Fjælberg, Helse Vest RHF
Anne Grimstvedt Kvalvik  
Anne Grimstvedt Kvalvik, kampanjeleiar for Pasienttryggleikskampanjen i Helse Vest
Målinga er del av den nasjonale satsinga på pasienttryggleik gjennom kampanjen «I trygge hender». I Helse Vest sitt føretaksområde blir 14.000 medarbeidararar som har direkte kontakt med pasientar bedne om å svare i undersøkinga.

– Det er viktig at medarbeidarane hjelper til for å kartleggje pasienttryggleikskulturen i eigen avdeling. Det er dei som er nærmast pasienten som best ser kva som skjer i kvardagen og det er dei som vil bli stilt desse spørsmåla. Vi trenger 70 prosent deltaking for at resultata skal vere gode nok for vidare forbetringsarbeid, fortel Anne Grimstvedt Kvalvik i Helse Vest. Ho er regional kampanjeleiar for Pasienttryggleikskampanjen og gler seg over at undersøkinga no er sett i gang.

Helse Bergen startar opp denne veka og dei andre føretaka kjem etter i neste veke. Medarbeidarane i helseføretaka får spørsmål om korleis dei opplever at uønskte hendingar og pasientskadar blir handterte og korleis det vil bli snakka om dette på arbeidsplassen. Blir innspela deira godt mottekne? Er det lett å spørje om det dei ikkje forstår? Undersøkinga er anonym og svara kan ikkje sporast tilbake til enkeltpersonar. Til undersøkinga blir skjemaet «Safety Attitudes Questionnaire» brukt. Det har blitt brukt til liknande undersøkingar ved over 2000 sjukehus i elleve land og er no tilpassa norske tilhøve.

Kultur er «måten vi gjer ting på her hos oss»
Sjølv om helsearbeidarar ønskjer å unngå pasientskadar, hender det nokre gonger at praksisen i verksemda utgjer ein trussel mot pasienttryggleiken. Det kan vere mangel på kunnskap om kva som påverkar pasienttryggleiken eller manglande kjennskap til standard prosedyrar. Men det kan også vere haldningar. Det kan vere undervurdering av fare, at «det eg gjer ikkje er så avgjerande», at «prosedyrane er til for dei som er nye» og liknande.

– Pasienttryggleikskulturen kan forbetrast gjennom dialog mellom leiinga og helsepersonell. Samtidig er uønskte hendingar viktige høve for læring og forbetring av pasienttryggleik, seier Kvalvik.

Resultata skal brukast til forbetringsarbeid i helseføretaka og i dei institusjonane som har avtale med Helse Vest. Målinga av resultata vil brukast som innspel til overordna planar for å forbetre pasienttryggleiken i føretaka ved å setje i verk tiltak der det er nødvendig. Det vil bli utarbeidd ein rapport for kvar eining, klinikk, føretak, region – og nasjon. Undersøkinga held fram til 1. juni 2012.

Publisert 21.02.2012 08:55 | Endret 21.02.2012 10:09 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox