Pressemelding frå HOD:

Meir openheit om pasientskadar 

– Eg arbeider for å redusere talet på pasientskadar. Derfor offentleggjer eg no dei viktigaste årsakene til desse skadane, seier Helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
Av Siri Tjessem Fjælberg , Helse Vest RHF
 
– Berre ved hjelp av kunnskap og openheit kan vi bli betre. Kartlegginga viser at feilmedisinering, infeksjonar og komplikasjonar ved kirurgi forårsaker flest skadar på pasienter i norske sjukehus, og eg vil bruke denne informasjonen til konkrete tiltak over heile landet for å hindre nettopp desse skadetypene, seier ministeren i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) i dag.
 
Noreg er truleg det første landet i verda kor alle sjukehusa kartleggjer omfanget av pasientskadar og skadetyper. Kartlegginga som blir utført i forbindelse med pasienttryggleikskampanjen ”I trygge hender” viste at rundt 16 prosent av pasientane blei utsette for skade på norske sjukehus i 2010. Ikkje alle skadane oppstår som ei følgje av feil, men det er sannsynleg at halvparten av skadane kan førebyggjast. Det inneber i så fall at rundt 2000 pasientar døyr unødvendig kvart år.
 
For å redusere antallet skader, er årsakene til skadane blitt undersøkte. Gjennomgangen viser at infeksjonar og legemiddelfeil er blant skadetypane som oppstår oftast blant dei undersøkte pasientoppholda. Kirurgiske komplikasjonar oppstår også relativt hyppig.

Les heile pressemeldinga frå Helse - og omsorgsdepartemenetet og sjå tabell over skadane der.
 
Meir informasjon om pasientsikkerhetskampanjen, inkludert notat om dei statistiske beregningane knytt til skadetyper finst på nettstaden til
www.pasientsikkerhetskampanjen.no

Publisert 20.01.2012 10:45 | Endret 25.01.2012 14:29 
Emblem I trygge hender
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox