For å ivareta tilbodet til pasientane kjøper Helse Vest radiologitenester frå private aktørar knytt til tre av dei største byane i regionen. Desse tilboda kjem i tillegg til det som finnst på kvart av sjukehusa på Vestlandet.
Helse Vest har til hensikt å inngå avtalar med:
1. Curato Røntgen AS for leveringsstaden Stavanger
2. Curato Røntgen AS for leveringsstaden Haugesund
3. Curato Røntgen AS for leveringsstaden Bergen
Konkurransen gjaldt rammeavtale om leveranse av polikliniske radiologiske tenester i eller i nærleiken av Bergen, Stavanger og/eller Haugesund. Varigheit og økonomisk omfang:
| Bergen |
kr 40 000 000,-
|
| Haugesund |
kr 18 500 000,-
|
| Stavanger |
kr 36 500 000,- |
Avtalane skal gjelde frå 1.9.2012 til og med 31.8.2016.
Det var to tilbydarar med i konkurransen og begge tilfredsstilte kvalifikasjonskrava som var sett i konkurransegrunnlaget punkt 4.1.
Tildelingskriteria var pris, kvalitet og tilgjengelegheit for pasientar og rekvirentar.
Klagefristen for tildelinga er sett til 25. mai 2012 klokka 12:00.
Publisert
16.05.2012 15:05 |
Endret
16.05.2012 15:06