Nye krav i samhandlingsreforma 

Onsdag 24. august arrangerer Helse Vest, i samarbeid med Fylkesmannen, den første av fire samlingar om samhandlingsreforma. Tidlegare i sommar gjorde Helse Førde seg nokre tankar om nye forskrifter kring den kommande reforma.
Av Arne Eithun, Helse Førde, Helse Vest RHF
 

Samhandlingsreforma trer i kraft frå nyttår, og Helse- og omsorgsdepartementet har i sommar sendt fleire nye forskrifter og forskriftsendringar ut på høyring. Dette er eit ledd i førebuingane før reforma blir gjeldande. I forskrifta går det blant anna fram at sjukehusa skal bli flinkare til å informere kommunane om pasientar som har oppfølgingsbehov etter utskriving.

Kommunal betaling
– Den eine av dei nye forskriftene gjeld kommunal betaling for utskrivingsklare pasientar. Desse omfattar i første omgang ikkje psykisk helsevern og rus. Det blir også lagt opp til sjukehusa skal bli flinkare å varsle og informere kommunane når pasientar treng kommunale tenester etter utskriving. På den andre sida må kommunane straks ta i mot utskrivingsklare pasientar om dei vil unngå å betale ein døgnsats på 4.000 kroner, seier Vidar Roseth, samhandlingssjef i Helse Førde.

Han viser vidare til at det i ei ny føreskrift om kommunal medfinansiering, er presisert at kommunane pliktar å betale 20 prosent av kostnadene med medisinske konsultasjonar og innleggingar i sjukehus.

– Forskrifta gjeld ikkje privatpraktiserande avtalespesialistar, psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert behandling av rusmiddelavhengige og opphald i private opptreningsinstitusjonar, seier han.

Den kommunale medfinansieringa gjeld heller ikkje for kirurgi, fødslar, nyfødde born og behandling med nærare bestemte kostbare legemiddel. Departementet fastset nærare avgrensing av kva somatiske pasientgrupper som skal vere omfatta (i regelverket for innsatsstyrt finansiering). Det er sett eit tak på den kommunale betalinga på omlag 30.000 kroner for særleg ressurskrevjande enkeltopphald.

Eit fullstendig oversyn over forskriftene som er ute på høyring, finst på Helse- og omsorgsdepartementet si heimeside. Høyringsfristen er sett til 6. oktober.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


Publisert 16.08.2011 09:45 | Endret 18.08.2011 10:09 

 Samlingar i haust

Helse Vest og Fylkesmannen arrangerer fire samlingar:

  • Bergen 24. august
  • Førde 26. september
  • Haugesund 6. oktober
  • Stavanger 31. oktober

Meir informasjon om desse samlingar kan du finne på nettsidene våre etter kvart.

 Heile saka frå Helse Førde

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox