Nytt sjukehusmagasin for Vestlandet 

Helse i vest – fellesmagasinet frå sjukehusa på Vestlandet – er på veg ut i postkasser over heile landsdelen. I heilt ny drakt!
Av Sigurd Rønningen, Helse Vest RHF
Forsida av magasinet Helse i vest nummer 1 - 2012  
På veg til postkassa di!

”Helse i vest” har eksistert sidan 2002, men i den nye utgåva av magasinet er det meste nytt. For første gong har alle helseføretaka på Vestlandet arbeidd saman i ein felles redaksjon, designen er lagt om og sidene er fleire. Målet er å gi ein million innbyggarar innsyn i det mangfaldige spesialisthelsetilbodet som finst i landsdelen, la engasjerte pasientar og medarbeidarar sleppe til orde, og informere om dei mange tiltaka som er sett inn for å gjere ei av verdas beste helsetenester endå betre.

Reportasjetitlar som til dømes ”Full rulle!”, ”Inn i det ukjende”, ”Pustar seg frisk”, ”Tid for kvalitet”, ”Storsatsing på dei små” og ”Grøn kickstart” ber bod om innhald som vi håper vil informere og engasjere. For, som administrerande direktør Herlof Nilssen skriv i leiaren: ”Vi vil nemleg gjerne at du blir nysgjerrig på oss”.

”Helse i vest” blir distribuert til alle husstandar på Vestlandet, med unnatak av dei som har reservert seg mot uadressert post. Har du ikkje fått magasinet i postkassa, kan du ta kontakt med info@helse-vest.no for å få det ettersendt.

Du kan også lese magasinet i elektronisk versjon her på nettsidene våre.


Publisert 17.01.2012 13:55 | Endret 17.01.2012 14:41 

LES magasinet!  LES magasinet!

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox