Innanfor budsjettrammene blir det lyst det ut posisjoneringsmidlar for satsingar mot EU sitt 7. rammeprogram. Søknader om posisjoneringsmidlar blir behandla kontinuerleg.
I denne omgang kan det søkjast om midlar for posisjonering inntil:
- kr 150 000 som koordinator for prosjektsøknader
- kr 50 000 for å bli partnar i prosjektsøknader
Midlane kan nyttast til organisering/deltaking i workshops/seminar, reiser, assistanse til søknadsskriving, og/eller frikjøp o.a. Det er utarbeidd
eit eige søknadsskjema for midlane. Merk at dette er siste hovudutlysing under EU sitt 7. rammeprogram. Utlysingstekst er tilgjengelig frå omlag 10. juli 2012.
Det er viktig at forskingsprosjekt som skal utførast ved universitetssjukehusa er godt forankra i institusjonane. Ved søknad om forskingsmidlar frå EU, må derfor alltid følgjande PIC-kodar nyttast:
- Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus: 983562444
- Helse Stavanger HF, Stavanger Universitetssjukehus: 997441592
Ved søknad om forskingsmidlar, ta alltid kontakt med Forskingsavdelinga ved universitetssjukehuset før søknad blir sendt.
Posisjoneringsmidlane skal vere til støtte for førebuing og nettverksbygging i samband med søknadsutforming retta mot EU sitt 7. rammeprogram innanfor følgjande tematiske område:
Spørsmål om posisjoneringsmidlar kan sendast til forskningsmidler@helse-vest.no.
Publisert
25.06.2012 12:15 |
Endret
26.06.2012 14:43