Rekordlågt sjukefråvær i mai 

Tala for mai viser at sjukefråværet i helseføretaka på Vestlandet er rekordlågt. Mykje godt arbeid ligg bak når sjukefråværet stadig går nedover.
Av Bente Aae, Helse Vest RHF
 

Ved utgangen av mai var det sjukemeldte fråværet i Helse Vest på 5,47 prosent. På den same tida var resultatet eit samla sjukefråvær på rekordlåge 6,41 prosent. Det betyr at det samla sjukefråværet (inkludert eigenmelding) i Helse Vest har gått ned med meir enn 1 prosentpoeng så langt i 2012.

– Måla våre er innanfor rekkevidde, og det er gledeleg. Mykje god jobbing rundt på avdelingane i sjukehusa har fått oss hit. Utfordringa framover blir å nå måltala og halde dette på eit stabilt lågt nivå, seier HR-direktør Hilde Christiansen i Helse Vest RHF.

Christiansen seier at tiltaka som er gjorde for å redusere sjukefråværet er mange:

– Ein føresetnad er aktive leiarar som legg opp til IA-samtalar raskt og dyktige HMS-avdelingar som bidreg saman med vernetenesta. Det er òg, mellom anna, oppretta ein felles idébank for alle helseføretaka kor ein deler tiltak og erfaringar for å skape gode tilhøve både for medarbeidarar og leiing.

Måltala er eit sjukemeldt fråvær på 4,5 prosent eller lågare og eit samla sjukefråvær på 5,5 prosent eller lågare. Fleire av einingane i Helse Vest har allereie nådd måla, nokre så vel med god margin. I mai var det 66 prosent av einingane som har eit sjukemeldt fråvær på 4,5 prosent eller lågare og 65,87 prosent som hadde eit samla sjukefråvær på 5,5 prosent eller lågare. Det betyr vidare at så mange som 994 av 1509 einingar nådde målet i mai.

Til samanlikning var det sjukemeldte sjukefråværet i helse- og sosialtenestene på landsbasis 8,20 prosent i 1. kvartal i år (kjelde: NAV), mens dette fråværet utgjorde 6,15 prosent i Helse Vest i same periode. Tala frå NAV for 2. kvartal ligg ikkje føre no.

Ved utgangen av mai er det Helse Stavanger som har det lågaste sjukemeldte sjukefråværet på 4,32 prosent og eit samla sjukefråvær på 5,23 prosent. 

Sjukefråvær i Helse Vest mai 2012:

Sjukefråvær mai 2012


Publisert 06.07.2012 09:35 | Endret 06.07.2012 11:55 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox