Ein reduksjon av ventetidene for pasientane frå 214 til 59 dagar og eit resultat frå minus 457 millionar kroner til ein pluss på 455 millionar kroner sidan starten av Helse Vest i 2002 gir god merksemd frå fleire hald. Dette er også nokre av resultata Microsoft framhevar når dei no presenterer Helse Vest.
– Alle medarbeidarane i helseføretaka våre bidreg dagleg til dei gode resultata. Det er nødvendig med gode rapporterings- og analyseverktøy som hjelper oss når vi skal gi pasientane på Vestlandet god behandling. Rask tilgang på gode og riktige data gjer at det er enklare å planlegge, blant anna innanfor områda personal, økonomi og innkjøp, seier Per Karlsen, økonomi- og finansdirektør i Helse Vest.
– Eg vil påstå at vi ligg framfor mange andre verksemder på dette området. Tal som det tok dagar å få på plass i dei månadlege rapporteringane, er no klare med få tastetrykk like etter at månaden er slutt. Vi kan følgje utviklinga vår nøye, og nærast frå dag til dag. Dette gir oss eit godt grunnlag for å ta gode avgjersler, for medarbeidarar og for pasientane.
Publisert
21.08.2012 15:25 |
Endret