Svar til pasientar om røntgenavtalar 

Bergens Tidende har i dag eit oppslag som gjeld ei ny avtale med røntgeninstitutt, som kan vere eigna til forvirring. Her er nokre svar på kva pasientar som har time hos Unilab etter 31. august kan halde seg til.
Av Bente Aae, Helse Vest RHF
 

For å sikre god nok kapasitet av røntgen, kjøper Helse Vest tenester hos private aktørar i tillegg til eigne tenester i sjukehusa. No er det inngått avtale med ein ny leverandør, Curato, som gjeld frå og med 1. september 2012.

Har du fått time hos Unilab Bergen etter 31. august etter tilvising frå lege kan du merkje deg følgjande:

  • Du kan ta kontakt med Curato direkte, så vil dei skaffe tilvisinga frå Unilab med samtykket ditt. Curato Bergen har timebestilling på telefon 55 59 49 00.
  • Alle pasientar registrerte hos Unilabs vil få eit brev frå Unilab Bergen, med ei orientering om at undersøkinga kan gjerast hos den nye leverandøren Curato Bergen eller ved eit sjukehus i staden. I brevet står det at du og kan kontakte Unilabs for å melde frå kor tilvisinga skal sendast vidare; til Curato eller eit sjukehus. Dei pasientane som ønskjer tilvisinga sendt heim for å vidaresende denne sjølv, vil sjølvsagt få dette.
  • Du kan også ta kontakt med fastlegen din, som kan hjelpe med overgangen.

Bruken av private institutt er eit supplement til dei offentlege tenestene for å auke kapasiteten, og tilboda i dei offentlege sjukehusa innanfor desse områda kan sjølvsagt brukast som før. Alle fastlegar og avtalespesialistar kan tilvise pasientar til Curato. Pasienten betaler same eigendel som ved offentlege sjukehus.

Se elles saka om nye avtalar.


Publisert 14.08.2012 14:55 | Endret  

 Les meir

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox