Tildeling av opent utlyste forskingsmidlar 2012 

Omlag 113 millionar kroner går til nye og vidareførte prosjekt i den opent utlyste prosessen, som nyleg er avslutta.
 
Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest RHF, Universitetet i Bergen og Universitetet i Stavanger tildelte forskingsmidlar til 59 nye prosjekt på møtet 23. november 2011. I tillegg fekk 139 stipendiatar og prosjekter vidareført si finansiering.

Samarbeidsorganet vedtok tidlegare i år
retningslinjer og rammer for søknadsprosessen 2012 med bakgrunn i evalueringa av føregåande års søknadsrunde. Dette har vore førande for arbeidet i vurderingskomiteane, der til saman 16 komitémedlemmer har vore i sving sidan slutten av september 2011.

– Søknadene til dei opent utlyste forskingsmidlane har preg av høg kvalitet, fagleg breidde og regional spreiing, seier professor Ole-Jan Iversen, leiar av hovudkomiteen. I år var det spesielt mange gode søknader blant postdoktorstipendsøknadene, seier han. For å understreke den faglege breidda og kvaliteten vil eg trekkje fram at om ein tar med søknadene som står på venteliste, er 21 av regionen sine 25 fagområde representerte.

Alle søknadene er sjekka i forhold til forankring og om påkravde dokument er lagde ved. Omlag 11 prosent av søknadene blei lagde til side på grunn av formelle feil, ein nedgang frå fjoråret. Manglar ved CV og rettleiarerklæring er framleis blant dei største årsakene til at søknader blir lagde til side.

– Trass i for mange gode søknader, er det framleis ein del som kan jobbe endå betre i framstillinga av eige prosjekt, seier Iversen. For vurderingskomiteane er det blant anna viktig å få innsikt i kva for kompetanse prosjekta byggjer på og ikkje minst kva for rolle søkjaren og samarbeidspartnarane skal ha i prosjektet. – Det som er innlysande for søkjaren skal også gjerast kjent for komiteane, avsluttar Iversen, som no takkar av som leiar av hovudkomiteen etter 4 år, og 7 år totalt i vurderingsarbeidet for samarbeidsorganet.

For meir informasjon om søknads- og tildelingsrunden, sjå følgjande dokument:

  •  Saka om tildeling av forskingsmidlar, inkludert vurderingane frå hovudkomiteens leiar.

    Desse har fått tildelt midlar for 2012:

    Desse står på venteliste:

  • Venteliste for doktorgradsstipend og postdoktorstipend. 

    Tildelingsbrev med utfyllande informasjon om tildelinga blir sendt frå sekretariatet for Det regionale samarbeidsorganet. – For dei som ikkje får tildeling er det råd å få ei grunngiving dersom ein ber om det innan 21. desember, seier Lerfald. Framgangsmåten er omtalt i Retningslinjer for søknadsvurdering som er tilgjengeleg på Samarbeidsorganet si nettside.

  • Dersom det er spørsmål om årets tildeling, send ein e-post til forskningsmidler@helse-vest.no


  • Publisert 23.11.2011 10:00 | Endret 23.11.2011 15:25 

     Kontakt oss

    E-post: forskning@helse-vest.no
    Adresse: Paviljongen, 2. et.,
    Haukeland universitetssykehus
    5021 Bergen

    Telefon: 55 97 55 35


    Designelement
    © Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
    Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox