Omlag 360 påmelde kjem til Stavanger for å delta på Kvalitetskonferansen i Helse Vest. Denne gong er konferansen slått saman med ei nasjonal samling for leiarar og nøkkelpersonell i den nasjonale pasienttryggleikskampanjen, som i desse dagar har pågått i eitt år. På samlinga blir overordna føringar for pasienttryggleikskampanjen presenterte og diskuterte.
Korleis kan vi vere sikre på at det er trygt når vi legg oss på operasjonsbordet? Korleis veit vi at vi får dei rette medisinene til rett tid? Og kan vi alltid vere sikre på at legemiddelbruken i sjukeheimane er riktig? På programmet står blant anna pasienttryggleik og kultur og det blir lagt fram informasjon og resultat av fleire pasienttryggleiksprosjekt som foregår i Noreg i dag.
- Vi gler oss til å ønskje velkomen, dele erfaringar og peike ut dei utfordringane vi har på området for pasienttryggleik, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen.
- Pasientane skal kjenne seg trygge og mykje godt arbeid er allereie i gong. Aldri før har sjukehusa jobba så breitt og målretta med kvalitetsforbetring. Men potensialet for å auke tryggleiken for pasientane er stort og vi har framleis ein omfattande jobb framfør oss. Difor er denne samlinga så viktig.
Les heile programmet for Pasienttryggleikskampanjen si samling torsdag
Kven får Kvalitetsprisen?
Det er knytt spenning til kven som torsdag kveld får Kvalitetsprisen, som kvart år blir tildelt ei gruppe eller ein enkeltperson som gjennom forskings- og utviklingsarbeid har heva kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta.
Fredag morgon fortset samlinga med Kvalitetskonferansen, som blir arrangert for femte gang i år.
Kvalitetskonferansen har også eit fokus på Pasienttryggleikskampanjen i Helse Vest og ulike føretak i regionen fortel om sine erfaringar så langt. Konferansen blir avslutta med ei takketale av vinnaren av Kvalitetsprisen frå kvelden før.
Les heile programmet for Kvalitetskonferansen fredag
Publisert
18.01.2012 15:10 |
Endret
18.01.2012 15:49