Felles elektronisk pasientjournal (EPJ) i alle helseføretak 

Helse Vest sluttførte innføringa av felles EPJ for alle helseføretaka og dei private ideelle institusjonane i 2011. I alt har innføringa femna 2000 prosjektdeltakarar, over 20 000 medarbeidarar har fått opplæring, og det er investert totalt 395 millionar kroner gjennom perioden.

Siste halvår 2011 logga 22 145 unike brukarar seg inn i felles EPJ-systemet, det var konvertert kring 2 000 000 journalar og 50 000 000 journaldokument. Innføring av felles elektronisk pasientjournal (EPJ) er eit stort og viktig steg for å auke pasienttryggleik og bidra til meir effektiv sjukehusdrift.

Om programmet:
Felles EPJ var eit program som skulle sikre innføringa av den elektroniske pasientjournalløysinga (DIPS) på ein mest mogleg lik måte i heile Helse Vest-regionen.

Eit felles regionalt EPJ-system bidreg til ein betre framtidig funksjonalitet for elektronisk behandling av pasientopplysingar. Felles EPJ er eit vesentleg bidrag til at helseføretaka i Helse Vest kan levere sine kjerneoppgåver; pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande, på ein betre og meir effektiv måte.

  • Felles EPJ er Helse Vest sitt initiativ for å oppgradere dei ulike EPJ-systema til ei felles regional EPJ-løysing.
  • Felles EPJ er den største IKT-satsinga i Helse Vest og involverar meir enn 20 000 brukarar.
  • Felles EPJ vil gjelde for alle helseføretaka i regionen, samt dei private ideelle institusjonane.
  • Programmet innfører DIPS som kjernesystem for EPJ i Helse Vest.
  • Programmet skal i tillegg omfatte relaterte prosjekt knyta til realiseringa av Felles EPJ i regionen.

Mål:

  • Betre kvalitet – på klinisk informasjon, styringsinformasjon og medisinsk avgjerdsstøtte.
  • Tid og konsistens – Felles EPJ gir raskare og større grad av konsistent tilgang på informasjon på tvers av organisatoriske nivå og einingar.
  • Betre systemstøtte – Informasjon blir gitt på ein måte som støttar klinisk administrative og teknologiske arbeidsprosessar.
  • Høgare effektivitet og reduserte kostnader – Etablering av «beste praksis» og større fleksibilitet for framtidige endringar. Felles EPJ vil også gi forenkling og standardisering på leverandørsida.
  • Felles datatryggleik og personvern – Felles EPJ vil forbetre og styrkje datatryggleiken og personvernet innanfor pasientbehandlinga.

Det regionale prosjektet
I det regionale prosjektet har det blitt utvikla overordna prinsipp og strategi for innføring av Felles elektronisk pasientjournal i helseføretaka. Det regionale prosjektet skal sikre ei best mogleg felles løysing og utnytting av kompetansen i regionen innan EPJ.

Prosjektorganiseringa
Modellen ein har landa på for organisering av Felles EPJ, er ein programmodell, der programmet organiserer og styrer innføringsprosjekta. Dette er ulikt frå tidligare prosjektorganiseringar. Det er ikkje ønskjeleg med ulike løysingar i føretaka når same system for elektroniske pasientjournalar blir teke i bruk.

Forankring i helseføretaka
For å sikre ei god forankring av løysinga ved kvart lokale helseføretak, vert det oppretta ei Felles EPJ direktørgruppe. Denne gruppa skal i tillegg sikre prosjektet ei tett oppfølging av opplæring, organisasjonsutvikling og gevinstuttak.

Framdriftsplan
Helse Stavanger var først ute med å ta i bruk den nye felles EPJ-løysinga. Der starta innføringa i 2008. Våren 2010 tok også Helse Bergen og dei private ideelleinstitusjonane i føretaksområde i bruk felles EPJ.

Helse Førde brukar allereie DIPS, men også her skal det gjennomførast eit prosjekt for å samkøyre løysinga med dei felles regionale prinsippa og strategiane. Overgangen til felles EPJ vil skje iløpet av våren 2011.

I Helse Fonna vil innføringa skje iløpet av sommaren 2011.

 Programstyre

Helge Bryne
Helse Vest RHF
Baard-Christian Schem
Helse Vest RHF
Bård Lilleng
Helse Stavanger
Vidar Vie
Helse Førde
Stener Kvinnsland
Helse Bergen
Kari Ugland
Helse Fonna
Radina Trengereid
Haraldsplass Diakonale Sykehus
Erik M. Hansen
Helse Vest IKT
Tor Arne Viksjø
DIPS ASA
Leif Johnsen
Konsernhovudverneombod

 Programleiinga

Terje Marthinussen
Programleiar
Arve Idar Høgset
Ass. programleiar (Deloitte)
Gunnar Jårvik
Fagansvarleg

 Programkontor

Inge Geir Johannesen
Programkoordinator
Karin Astrup-Rønquist
Programkoordinator
Kjetil Lunde
Programkontroller
Gina Gunnestad
Programkoordinator
Camilla Loddervik
Kommunikasjonsansvarleg

 Prosjektleiarar

Gunn Synnøve Reisæter
Felles EPJ Bergen
Ove Nordstokke
Felles EPJ Stavanger
Torbjørn Saltveit
Felles EPJ Fonna
Tova Kjæmpenes
Felles EPJ Førde
Pål Gaute Sætre
Felles EPJ regional infrastruktur
John Henrik Wollan
Felles EPJ regional integrasjon
Berit Rane
Felles Erstatningsjournal
Henning Hytten
Felles EKG database
Jan Fredrik Leversund
ROS Metodikk
Geir Granerud
Forprosjekt Felles EPJ Legemiddelprosess
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox