Hovudmål for Grønt sjukehus:
- Innføre miljøleiing, miljøstyringssystem og miljøsertifisering i alle norske helseføretak innan 2015.
- Samle representanter frå alle helseføretak i felles Miljø- og klimaforum.
- Drifte nettstaden www.grontsjukehus.no, med grøn idébank for miljø- og klimatiltak
- Arrangere årleg miljø- og klimakonferanse for spesialisthelsetenesta med utdeling av miljøpris.
Delprosjekt:
- Innkjøp: Utarbeide miljøkrav, arbeide for etisk handel.
- Bygg: Samle aktuelle miljø- og klimatiltak ved rehabilitering og nybygg.
- Transport: Lage verktøy for klimahandlingsplan
- Legemiddel: Senke miljøbelastninga knytt til produksjon og bruk av legemiddel.
- Mat: Oppnå ein høgare andel økologisk og kortreist mat

Idébanken er open for innskot og uttak. Ved å klikke på knappane
nedanfor, finn du idear til miljø- og klimatiltak for din arbeidsplass,
eller du kan dele eigne idear og erfaringar med andre.

Har du spørsmål eller tilbakemeldingar til nettsida?
Kontakt:
Linda Karen Eide: linda.karen.eide@helse-bergen.no
Lene Omdahl: lene.omdahl@helse-bergen.no