Tilsynsrapportar 

 
Ein tilsynsrapport er ei tilbakemelding frå Helsetilsynet i fylket eller Fylkesmannen, til verksemda om resultatet av gjennomført tilsyn. I rapporten blir eventuelle brot på lov eller føreskrift (avvik), påpeikte. Også andre område der tilsynsmyndigheita meiner det er eit forbetringspotensiale (merknad), blir påpeikte.
 
Påpeikte avvik blir som regel raskt lukka. Eldre tilsynsrapportar vil derfor ofte ikkje gi eit riktig bilde av situasjon slik han er i dag.

Til høgre ligg lenkjer til tilsynsrapportar frå Helsetilsynet som gjeld dei forskjellige helseføretaka i Helse Vest RHF.

Helsetilsynet si oppgåve
Helsetilsynet skal ha oversikt over sosiale forhold, befolkninga sin helsetilstand og behovet for tenester, følge med på korleis tenestene og personellet utøver si verksemd og gripe inn overfor verksemder og helsepersonell som utøver verksemda i strid med lovgivinga.

Tilsyn og rådgiving basert på erfaringar frå tilsyn skal medverke til at:

  • Befolkninga sine behov for sosiale tenester og helsetenester blir teke hand om
  • Tenestene blir drive på ein fagleg forsvarleg måte
  • Svikt i tenesteytinga blir førebygd
  • Ressursane blir brukte på ein forsvarleg og effektiv måte

Publisert 11.05.2010 13:37 | Endret 19.01.2011 13:30 

 Rapportar frå Helsetilsynet

 Helsetilsynet i fylka

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox