Kvifor er vi i sosiale medium?
I følgje Staten sin kommunikasjonspolitikk skal elektronisk kommunikasjon vere den primære kanalen for dialogen mellom innbyggjarane og offentlege verksemder.
Sosiale medium er ein enkel og effektiv måte for Helse Vest RHF å kommunisere direkte med publikum. Det er viktig for oss å vere til stades på dei kommunikasjonsarenaene der vi når målgruppene våre. Vi er aktive på Facebook og Twitter. I tillegg publiserer vi vår eigen blogg signert tilsette i Helse Vest RHF og eksterne gjestebloggarar.
Kva vil vi oppnå?
Målet er blant anna å styrkje effekten av dei eksisterande kanalane vi har for å nå ut til både offentlegheita og eigne tilsette. Vi ønskjer å bruke sosiale media til å formidle informasjon om både pasientbehandling, forsking og helseføretaka som arbeidsplass. Gjennom bloggen ønskjer vi å delta aktivt i samfunnsdebatten ved å ytre meiningar om aktuelle tema.
Korleis?
Kommunikasjonsavdelinga har ansvaret for Helse Vest RHF sine aktivitetar på vegner av det regionale helseføretaket.
Oppgåvene er å overvake, lage innhald, samtale og kommunisere på vegner av Helse Vest RHF gjennom å:
- Formidle nyheiter
- Vidareformidle aktuelle saker andre har produsert, især frå helseføretaka i Helse Vest
- Kome med meiningsytringar
- Informere om arrangement
- Leggje til rette for god kommunikasjon ved kriser