Bakgrunn 

 
Arbeidet med kvalitet er eit langsiktig arbeid. Utgangs­punktet for kvalitetssatsinga er at ei god helseteneste kan bli enda betre. For å oppnå det vil kvalitets­satsinga understøtte dei pasientnære tenestene, det vil seie kjerneverksemda, slik at kvalitetsarbeidet kan vere ein integrert del av den daglege verksemda.
 

Det er sett i gang arbeid innanfor hovudområda:

  • Kunnskap som grunnlag for fagleg verksemd
  • Pasientfokus for å møte pasientane og deira behov på ein god måte
  • Pasienttryggleik – redusere risiko for utilsikta hendingar
  • Måling av resultat som grunnlag for forbetring og for å vise fram at spesialisthelsetenesta leverer det samfunnet ønskjer

I tillegg føreset satsinga vidareutvikling av arbeidet med internkontroll. Styret har tidlegare vedteke rammene for internkontroll i Helse Vest.

Kvalitetssatsinga i Helse Vest legg til grunn ein definisjon som er i tråd med nasjonale føringar og rådande internasjonal forståing:

”Med kvalitet forstås i hvilken grad aktiviteter og tiltak i helsetjenestens regi øker sannsynligheten for at individ og grupper i befolkningen får en ønsket helsegevinst, gitt dagens kunnskap og ressursrammer.” (Nasjonal helseplan 2007-2010)

Nedanfor er oversikt over prioriterte arbeidsoppgåver/faglege tema der det vil bli teke initiativ til felles regionale gjennomgåande prosjekt og tiltak. Arbeidet med prosjekta og tiltaka skal vere forankra og drive lokalt i HF-regi, og med ei sentral koordinering.

Satsinga skjer innanfor dei fire hovudområda:

Kunnskap – der det pågår arbeid med utvikling av faglege retningslinjer innanfor helsefag. Tidleg vurdering av ny diagnostikk og behandling og system for støtte i avgjerdsprosessen ved innføring av nye metodar er andre prioriterte fagområder.

Pasientfokus
– der det er under etablering et felles opplegg for pasienterfaringsundersøkingar. Utvikling av pasientforløp og underernæring/rusmidlar som risikofaktorar i den medisinske behandling er andre prioriterte faglege tema.

Pasienttryggleik
– har rapportering av og læring frå uønskte hendingar som viktige tema. Det skal i løpet av perioden utviklast hjelpemiddel for drøfting av uønskte hendingar på dei ulike einingane (”komplikasjonsmøte”). Andre prioriterte tema i perioden er å sikre kvaliteten og pasienttryggleiken i handtering av legemiddel. Innføring og bruk av internasjonalt anerkjende tiltak for å betre pasienttryggleiken er også eit prioritert tema.

Måling av resultat
– har stor vekt på innføring av felles teknisk infrastruktur for medisinske kvalitetsregister. Det er starta planlegging av eit system for kvalitetsmåling som skal synleggjere kva som blir oppnådd i tenestene. Det blir også gjort eit vidare utviklingsarbeid innanfor internkontroll og risikostyring.

Kulturbyggjing og læring

Det blir også sett inn strategiske verkemiddel som skal understøtte iverksettinga av kvalitetssatsinga ved å stimulere til kulturbygging og læring:

  • Årleg kvalitetskonferanse
  • Tildeling av kvalitetspris
  • Såkornmidlar til lokale kvalitetssutviklingsprosjekt
  • Etablering av ein ”informasjonsbank” (nettside)
  • Rådgivings- og rettleiingsteneste
  • Felles opplæringstiltak

Elles vil arbeidet med å forankre kvalitetssatsinga i heile organisasjonen ha eit fokus. Det same har arbeid for å integrere kvalitets- og forbetringskunnskap i grunn-, etter- og vidareutdanningane.

 

Utfordringar i forhold til organisering og leiing
Det er utfordringar i forhold til organisering og leiing i iverksetjing av kvalitetssatsinga.

Ein vil ikkje binde iverksettinga til éin modell, men arbeide langsiktig og målretta, og bruke erfaringar, verkemiddel og metodar som har vist seg nyttige hos andre, både nasjonalt og internasjonalt.

For å oppnå kvalitetsutvikling er det avgjerande at organisasjonen klarer å påverke til endring, og spreie og vedlikehalde endring. Merksemd frå leiinga på alle nivå i organisasjonen og medverknad frå medarbeidarane er to viktige føresetnader for at forbetrings- og endringsarbeidet skal bli sett i gang, gjennomført og vidareutvikla.

Leiinga må evne å skape strukturar, ha strategisk leiarskap, forhandle mellom ulike interesser, motivere og gi rom for læring. Leiinga må gi merksemd til kvalitetsarbeidet ved m.a. å synleggjere endringsbehov, fokusere på moglegheiter, målsetting og resultat. Medverknad frå medarbeidarane inneber m.a. at forbetrings- og endringsarbeidet må vere lokalt forankra.

Kvalitetsforbetring kan spare ressursar, men det er behov for å setje av midlar til støttefunksjonar. Derfor er det tildelt midlar til prosjekta i kvalitetssatsinga.

Les meir om dette i styresak 124/08 B: Vidareføring og styrking av kvalitetssatsinga i Helse Vest 2009-2013.

Forprosjektrapport: Frå strategi til handling

(Oppdatert 19. oktober 2010)


Publisert 22.04.2010 23:07 | Endret 19.10.2010 09:28 
[alternativ tekst]
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox