Internkontroll og risikostyring 

 
Arbeidet med internkontroll og risikostyring er ikkje integrert i kvalitetssatsinga. Internkontroll omhandlar ikkje kvaliteten i kjerneverksemda, men legg nødvendige rammer rundt arbeidet, med fokus på styring, risiko og kontroll.
 
Kvalitetssatsinga føreset vidareutvikling av arbeidet med internkontroll, og risikostyring må sjåast på som ei operasjonalisering av internkontrollen.

Helse Vest RHF utarbeidde våren 2008 dokumentet ”Konsept for internkontroll,” som styret i Helse Vest slutta seg til i styremøtet den 7. mai 2008. Dokumentet byggjer på den strategiske retninga i Helse 2020, og gjer greie for korleis Helse Vest RHF organiserer og gjennomfører internkontroll.

Konsept for internkontroll (pdf)
Vedlegg til Konsept for internkontrol (pdf)

I tillegg har føretaksgruppa i Helse Vest gjennom eit regionalt prosjekt kalla ”Risikostyring i Helse Vest”, utarbeidd felles retningslinjer for risikostyring og rapportering for føretaksgruppa. Styret i Helse Vest slutta seg til retningslinjene i styremøtet den 4. februar 2009.

Reviderte retningslinjer finn du her:

Retningslinjer for risikostyring i Helse Vest per februar 2012

Kompetansebase for risikostyring

Helse Vest og Helse Nord har i samarbeid utvikla ein kompetansebase for risikostyring. Denne består av eit to-dagars kurs i risikostyring for risikokoordinatorar og andre som er involverte i styring og oppfølging, og eit leiarkurs i risikostyring. Det er laga ei eiga nettside for dette, der ein mellom anna kan finne presentasjonar frå kursa og aktuell litteratur.

Publisert 22.04.2010 21:49 | Endret 25.04.2012 10:33 
Kvalitetssatsinga i Helse Vest

 Styringsdokument kvalitet

 Forskrifta og rettleiar

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox