I regi av Kvalitetssatsinga er det etablert nokre strategiske tiltak på regionalt nivå for å stimulere til auka aktivitet på lokalt nivå når det gjeld kvalitetsforbetring. Derfor er det etablert ein årleg kvalitetskonferanse og kvalitetspris.
Helse Vest arrangerte den fjerde kvalitetskonferansen den 16-17. februar 2011 i Haugensund.
- Kvalitetskonferansen 2012: Pasienttryggleikskampanjen
- Kvalitetskonferansen 2011: Trygge helsetenester av høg kvalitet. Om pasienttryggleik, kunskapsbasert praksis og kvalitetsmåling
- Kvalitetskonferansen 2010: Pasienttryggleik og pasientforløp
- Kvalitetsseminaret 2008: Korleis kan vi gjere tenestene tryggare for pasienten?
- Kvalitetsseminaret 2007: Korleis kan vi utvikle gode pasientforløp?
Kvalitetspris
Det regionale samarbeidsorganet har oppretta ein kvalitetspris som blei delt ut for første gong i 2007. Kvalitetsprisen blir delt ut til ein eller fleire personar som gjennom forskingsarbeidet sitt har bidrege til å heve kvaliteten på tenestetilbodet i spesialisthelsetenesta og som underbyggjer kvalitetsstrategien i Helse Vest.
Årleg kvalitetskonferanse
I regi av Kvalitetssatsinga blir det arrangert ein årleg konferanse. Dette skal vere den viktigaste møteplassen for kvalitetsarbeid og læring i Helse Vest.
Publisert
22.04.2010 22:00 |
Endret
02.12.2011 12:41