Pasientfokus 

 
Helsetenestene skal involvere brukarane og gi dei innverknad. Pasientane skal møte god service, empati og forståing og skal jamleg få vurdere tenestene gjennom pasienterfaringsundersøkingar.
 
Det er viktig at pasientane kan delta aktivt i eigen behandling og rehabilitering, og det føreset m.a. forståeleg og tilgjengeleg informasjon.

Desse regionale prosjekta er under arbeid:

Felles verktøy for lokale pasienterfaringsundersøkingar:
Det er utarbeidd eit felles verktøy i regionen for å gjennomføre lokale pasienterfaringsundersøkingar for å bruke resultata i forbetringsarbeidet. Verktøyet er under implementering i helseføretaka og i dei private ideelle institusjonane.
Les meir om prosjektet

Pasientforløp:
Tenester skal vere samordna og prega av kontinuitet, noko som blant anna krev samhandling innanfor spesialisthelsetenesta og mellom nivåa i helsetenesta. Helsetenestene må vere føreseielege, det vil seie at pasientar og pårørande må ha forvissing om at helsetenestene yter det dei seier at dei gjer.
Les meir om prosjektet

Feilernæring og rus som risikofaktorar i den medisinske behandlinga
Feilernæring og rusmiddel er klare risikofaktorar ved somatisk medisinsk behandling. Risikofaktorane må kartleggjast og identifiserast tidlegare enn i dag.
Les meir om prosjektet

Publisert 16.04.2010 22:59 | Endret 20.05.2011 11:30 
Kvalitetssatsinga i Helse Vest

 Styringsdokument kvalitet

 Regionale prosjekt

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox