- redusere risiko for utilsikta hendingar
Helsetenestene skal vere trygge og sikre for pasientane. Internasjonale studiar viser at relativt mange pasientar opplever utilsikta hendingar (skader, komplikasjonar, biverknader), som i nokre tilfelle endar med varige plagar og i verste fall død.
Ein stor del av skadane kan førebyggjast, for eksempel ved god organisering, gode rutinar, systematikk og IT-hjelpemiddel. Det er vesentleg med ein kultur for læring basert på rapportering av uønskte hendingar, og fokuset må rettast mot system og kultur meir enn på svikt hos enkelte helsearbeidarar.
Desse regionale arbeida er i gang:
Legemiddel- og pasienttryggleik:
Formålet med prosjektet er å betre kvalitet og pasienttryggleik knytt til legemiddelbehandling, -handtering og -forsyning. Dei tiltaka som blir sett i verk, skal redusere unngåelege, uheldige legemiddel-hendingar.
Les meir om prosjektet
Trygg kirurgi vernar liv (Safe Surgery Saves Lives)
WHO-sjekklista "Safe Surgery Saves Lives" er tilpassa norske tilhøve, og blir innført i sjukehusa i Helse Vest. Formålet er å førebyggje feil og komplikasjonar ved kirurgiske inngrep.
Les meir om Trygg kirurgi vernar liv
Implementering av smitteverntiltak
Sjukehusinfeksjonar er hyppige. WHO reknar med at mellom 5 og 12 prosent av dei som blir innlagde på sjukehus i den vestlege verda, får ein eller fleire sjukehusrelaterte infeksjonar. I 2011 starta eit nytt regionalt prosjekt for å bidra til redusert førekomst av sjukehusinfeksjonar og hindre utvikling og spreiing av antibiotikaresistente mikrobar.
Les meir om prosjektet
Hindre fall blant eldre
Fall blant eldre skjer hyppig både i og utanfor sjukehus, og nokre av falla har alvorlege konsekvensar som kan endre livet for dei gamle. Særleg er lårhalsbrot ein frykta konsekvens. Prognosen for desse pasientane er alvorleg og behandlinga krev store ressursar frå sjukehusa og kommunehelsetenesta. Med dette som utgangspunkt er det starta opp eit regionalt prosjekt i 2011 med formål å hindre fall og redusere konsekvensar av fall hos eldre.
Les meir om prosjektet
Kvalitetsforbetring i mikrobiologiske laboratorium
I 2011 blir det starta opp eit nytt prosjekt i samarbeid mellom dei fire mikrobiologiske laboratoria i Helse Vest. Målet for prosjektet er å sikre standardisering av kvalitetsinnsatsen.
Les meir om prosjektet
Læring frå uønskte hendingar
Prosjektet skal leggje til rette for at uønskte hendingar blir nytta som grunnlag for læring og forbetring. Målet er å implementere verktøy og betre kompetansen om systemårsaksanalyse, hendingsbasert risikostyring og rapportuttrekk frå Synergi.
Les meir om prosjektet
Felles system for uønskte hendingar (Synergi)
Det er innført eit felles elektronisk system for registrering av uønskte hendingar i Helse Vest (Synergi). Systemet set fokus på systemfeil, ikkje personfeil, og er ei viktig kjelde til kvalitetsforbetring ved å gi leiinga oversikt over risiko og viktigaste risikoreduserande tiltak i verksemda.
Les meir om Synergi
Publisert
22.04.2010 10:53 |
Endret
01.07.2011 11:29