Kunnskap 

 
Kunnskap er grunnlag for all fagleg verksemd og for eit godt, helsefremjande tilbod til pasientane, for prioritering, for god informasjon til pasientar og pårørande, og for organisering av tenestetilbodet.
 

Kunnskap blir skapt gjennom forsking, utdanning og den erfaringa som utøvaren får gjennom rettleiing, refleksjon i kollegiale fellesskap og i samspelet med pasientane og deira pårørande.

Desse regionale tiltaka er under arbeid:

Implementering av kunnskapsbasert praksis
Formålet med prosjektet er å utvikle standardiserte, kunnskapsbaserte retningslinjer og gjere desse tilgjengelege for bruk i alle sjukehusa.
Les meir om tiltaket

Mini-HTA (HTA=Health Technology
Assessment=medisinsk metodevurdering)

Mini-HTA er eit strukturert verktøy for støtte ved avgjerder om innføring av nye metodar i sjukehus. Mini-HTA gir ei kort vurdering av effekt, tryggleik, kostnader, ressursbehov og implikasjonar for pasient og organisasjon. Verktøyet skal sikre forankring av avgjerder på leiarnivå og gi betre dokumentasjon av avgjerdsprosessane. Kunnskapssenteret har på oppdrag frå Helse Vest utvikla eit system for mini-HTA som er testa ut i Helse Stavanger og Helse Bergen.
Les meir om det regionale tiltaket
Les meir på Kunnskapssenteret sine sider

Leiing av endring og kvalitetsforbetring
Det er utvikla eit felles regionalt opplæringstilbod i leiing av endring og kvalitetsforbetring. Utgangspunktet er at prosjektleiarar og andre leiarar treng kunnskap om korleis ein skal påverke til endring, spreie og vedlikehalde endring for å oppnå kvalitetsforbetring.
Les meir om tiltaket

Kliniske fagrevisjonar mellom helseføretaka
Målet for prosjektet er å utvikle eit system for kliniske fagrevisjonar på tvers i helseføretaka i Helse Vest. Det skal gjennomførast kliniske fagrevisjonar innanfor tema som er relevante for helseføretaka.
Les meir om tiltaket

Med-Nytt:
Kunnskapssenteret utvikla i 2007, på oppdrag frå Helse Vest, databasen
www.mednytt.no, som tilbyr tidlegare vurderingar av nye metodar for diagnostikk og behandling. Disse vurderingane er utarbeidd av dei internasjonale samarbeidspartnarane til Kunnskapssenteret. Mini-HTA-prosjektet vil supplere Med-Nytt.


Publisert 15.12.2011 14:03 | Endret 10.07.2012 11:04 
Kvalitetssatsinga i Helse Vest

 Regionale tiltak

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox