Såkornprosjekt 

 
For å stimulere til kvalitetsutvikling i helseføretaka tildeler Helse Vest kvart år prosjektmidlar til lokale initiativ. Desse kvalitetsutviklingsprosjekta er lokalt forankra i helseføretaka og i private, ideelle institusjonar i regionen.
 
Helse Vest har i 2011 tildelt 4,5 millionar kroner som ”såkornmidlar” til 36 lokale kvalitetsutviklingsprosjekt i regionen.

2007

2008

2009

2010

2011

2012

Talet på tildelte prosjekt

17

28

29

30

36

33

Samla tildeling, mill. kr

2

3,1

3,6

3,5

4,5

4,3



Sjå oversikt over kva prosjekt som får midlar i 2012.

Midla blir tildelte på grunnlag av søknad til Helse Vest. Det er ønskjeleg at helseføretaka bidreg til at det kjem fram gode søknader, og til at det blir sendt ein samla søknad til Helse Vest der føretaket har prioritert mellom prosjekta.

Kvalitetssatsinga reknar med å kunne tildele omtrent 100 000-200 000 kroner per prosjekt. Helse Vest vil sjå på søknadene frå dei private institusjonane samla og prioritere mellom prosjekta.

Det kan søkjast om midlar til alle typar kvalitetsutviklingsprosjekt. Prosjekt som vil kunne søkje om forskingsmidlar vil ikkje bli omfatta av tildelinga av kvalitetsutviklingsmidlar/”såkornmidlar”.

Via lenkjene til høgre finn du oversikt over kvalitetsutviklingsprosjekt som har fått støtte dei siste åra.

Publisert 28.06.2012 20:59 | Endret 10.07.2012 14:43 
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox