Tre kolleger står runst et bor, ser på dokumenter. Foto.
Om oss
Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest sørgjer for at dei rundt 1,1 million innbyggjarane i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

Helse Vest RHF eig dei fem helseføretaka i regionen og er konsernleiing for føretaksgruppa. I tillegg eig Helse Vest IKT-selskapet Helse Vest IKT AS. Det er rundt 50 tilsette i Helse Vest RHF, som held til på Forus i Stavanger kommune.

Helse Vest er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg og er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.
 
Kvinnelig helsepersonell, smiler. Foto.

Våre helseføretak

Frå nord til sør: Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger. I tillegg kjem føretaket Sjukehusapoteka Vest og aksjeselskapet Helse Vest IKT AS.

Helikopeter frå Luftambulansen. Foto.

Felleseigde selskap

Helse Vest eig, saman med dei andre regionale føretaka, fleire selskap som gir tenester på viktige område.