Om oss 


Kontakt oss
Telefon +47 51 96 38 00
Telefaks +47 51 96 38 01
Org.nr 983 658 725
helse@helse-vest.no

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest skal sørgje for at dei rundt 1 million innbyggjarane i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

Helse Vest RHF eig dei fem helseføretaka i regionen og er konsernleiing for føretaksgruppa. I tillegg eig Helse Vest IKT-selskapet Helse Vest IKT AS. Konsernbudsjettet for 2012 er på omlag 21,9 milliardar kroner. Det er rundt 50 tilsette i Helse Vest RHF, som held til på Forus i Stavanger kommune.

Helse Vest er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg og er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.

Helse Vest og nynorsk

Kyrkje- og kulturdepartementet har slått fast at Helse Vest skal følgje mållova. Det er eit fleirtal av nynorskkommunar i regionen og Helse Vest har derfor nynorsk som tenestemål.

Det betyr at informasjon som går ut til eksterne mottakarar, blant anna magasinet Helse i vest og nettsidene våre, skal vere på nynorsk. Det er grunnen til at alle lesarar, også dei som er bokmålsbrukarar, får informasjonen på nynorsk.
 


Årsrapportar - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Årsrapportar

 Historia:

18. januar 2001 blei eit høyringsutkast om ny helsereform og organisering av spesialisthelsetenesta sendt ut. 6. april same år blei Lov om helseføretak fremma for Stortinget (Ot.prp 66 / 2000-2001). Odelstinget behandla lova i møtet 6. juni, og 6. juli blei landet delt inn i fem helseregionar. Lokaliseringa for dei regionale helseføretaka (RHF-a) kom på plass og fem regionale styre blei oppnemnde.

Hausten 2001 blei det etablert 47 helseføretak i landet, med styre, stiftingsdokument og opningsbalanse (økonomi).

Frå 1. januar 2002 starta det nye eigarskapet som i vår region var Helse Vest RHF med underliggjande helseføretak. Dei fem føretaka var Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og det som då var Apoteka Vest, seinare Sjukehusapoteka Vest. I 2004 blei IKT-avdelingane i helseføretaka i Helse Vest skilde ut i det heileigde selskapet Helse Vest IKT AS.

Dei regionale helseføretaka arbeidde vidare med strategiar, funksjons- og oppgåvefordeling.

Kva er oppgåvene?

  • Dei regionale helseføretaka fekk med helsereforma to hovudoppgåver:
  • "Sørgje-for-ansvaret”: Samla ansvar for at befolkninga i regionen får tilgang til spesialisthelsetenester.
  • Eigaransvaret: Eig og styrer helseføretaka i regionen

Kva innebar sjukehusreforma?

  • Eit skifte til statleg eigarskap
  • Heilt ny organisering, i helseføretak
  • Helseføretak som sjølvstendige rettssubjekt og arbeidsgivarar
  • Pliktene i helselovgivinga er overførde til dei regionale helseføretaka
  • Avtaler og kontraktar blei overtekne av RHF/HF

Oppgåver for sjukehusa

  • Pasientbehandling
  • Utdanning av helsepersonell
  • Forsking
  • Opplæring av pasientar og pårørande

 

 

Publisert 19.02.2010 13:54 | Endret 25.04.2012 11:04 

Helseføretaka  Helseføretaka

IKT  IKT

Regionale helseføretak  Regionale helseføretak

Felleseigde selskap - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Felleseigde selskap

Kalender  Kalender

Styremøte06.06.2012
Regionalt brukarutval13.06.2012
Regionalt brukarutval14.06.2012
Styremøte22.06.2012
Regionalt brukarutval30.08.2012

Nasjonalt profilprogram  Nasjonalt profilprogram

Siste nytt frå HOD  Siste nytt frå HOD

Henter data
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox