Om helseføretaket 

Helse Vest RHF (regionalt helseføretak) har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Helse Vest skal sørgje for at dei rundt 1 million innbyggjarane i regionen får dei spesialisthelsetenestene dei har krav på.

Helse Vest RHF eig dei fem helseføretaka i regionen og er konsernleiing for føretaksgruppa. I tillegg eig Helse Vest IKT-selskapet Helse Vest IKT AS. Konsernbudsjettet for 2010 er på omlag 19,7 milliardar kroner. Det er rundt 50 tilsette i Helse Vest RHF, som held til på Forus i Stavanger kommune.

Helse Vest er eitt av fire regionale helseføretak i Noreg. Dei andre regionale helseføretaka er Helse Sør-Aust, Helse Midt-Noreg og Helse Nord.

Helse Vest og dei andre regionale helseføretaka er direkte underlagt Helse- og omsorgsdepartementet.

Helse Vest eig føretaka som driv sjukehusa og institusjonane. Det er helseføretaka som har arbeidsgivaransvar for dei om lag 28 500 medarbeidarane i regionen.

Føretaka i regionen eig 50 offentlege sjukehus og institusjonar. I tillegg kjem avtalar med private sjukehus og ei rekkje privatpraktiserandre spesialistar.

Kva er eit helseføretak?  Kva er eit helseføretak?

Helseføretaka er 100 prosent statleg eigd og organisert på to nivå:
  • Det iverksetjande nivået - helseføretaka (HF).
  • Det overordna nivået - det regionale helseføretaket (RHF).

Her er nokre stikkord for organisasjonsforma helseføretak - på begge nivå:

  • Eit helseføretak er eit rettssubjekt med eiga evne til handling, rettsleg og økonomisk.
  • Det har arbeidsgivaransvaret for dei tilsette.
  • Helseføretaka skal ha eit styre og ein dagleg leiar med fullmakter fastsett i lova.
  • Føretaksmøtet ("generalforsamlinga") er øvste myndigheit for helseføretaket. Styret blir peika ut i føretaksmøtet.
  • Styra skal ha minst to (inntil ein tredel) representantar som er valt frå dei tilsette.

Årsrapportar  Årsrapportar

Kart over Helse Vest sitt føretaksområde

Les også om... - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Les også om...

Helseføretaka i Helse Vest - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Helseføretaka i Helse Vest

Regionale helseføretak - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Regionale helseføretak

Felleseigde selskap - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Felleseigde selskap

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox