Pasienthjelparen i Helse Vest 

 
Opplever du at det til tider kan vere vanskeleg å orientere seg i sjukehussystemet? Då er du ikkje åleine. Hos pasienthjelpar Liv Torunn Rundhovde i Helse Vest får du informasjon, personleg oppfølging og praktisk hjelp til å finne fram.
Liv Torunn Rundhovde  
Pasienthjelpar i Helse Vest, Liv Torunn Rundhovde. Foto: Kjetil Alsvik.
Som pasienthjelpar hjelper Rundhovde pasientar, pårørande og helsepersonell med råd og rettleiing om korleis dei skal finne fram i eit til tider uoversiktleg og komplisert system. I tillegg til å hjelpe med den praktiske gjennomføringa når du vil velje sjukehus, kan ho blant anna gi informasjon om ventetider, pasientrettar, transport, fristar og fristbrot.

Kortare ventetid – betre service
Ved at pasientar får hjelp til å velje sjukehus/behandlingsstad, vil mange oppnå å få behandling raskare, det blir kortare ventetid ved sjukehusa totalt sett, og kapasiteten i regionen blir betre utnytta. Samtidig får pasientane betre service.

- Det er ikkje alt eg kan svare på med ein gong, men eg kan undersøkje saka og eventuelt hjelpe med telefonnummer til rett instans. Dei fleste spørsmåla eg får, gjeld muskel- og skjelettplager, kirurgi og mage/tarm. Men sidan juni 2009 har det vore ein klar auke i talet på telefonar knytte til psykiatrien. Eg fekk då, saman med pasientrådgivaren for fritt sjukehusval, ansvaret for å ta meg av informasjon og koordinering av tilvisingar til avtalespesialistar innanfor det psykiske helsevernet. Det inneber at Helse Vest no får betre oversikt over ventelistene og dermed lettare kan vise pasientar til spesialistar med kortare ventetid, seier Rundhovde.

Kontakt pasienthjelparen
Pasientar, pårørande, legar og institusjonar kan ta direkte kontakt med pasienthjelparen mellom klokka 08.00 og 15.00 på telefon 51 96 38 48 eller via gratis grønt nummer 800 41 005.

(Vi gjer merksam på at det ikke er gratis å ringje frå mobiltelefon)

Publisert 07.06.2010 09:09 | Endret 12.06.2012 23:02 

 Informasjonsmateriell

    
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox