Det er ikkje lett å vere barn når ein av foreldra blir alvorleg sjuke, skada, rusar seg eller er psykisk sjuke. Helsepersonell har plikt til å gi mindreårige barn nødvendig informasjon og oppfølging.
Alle avdelingar ved helseføretaka i Helse Vest har eige personell med ansvar for å fremme og koordinere oppfølging av mindreårige barn av psykisk sjuke, rusmiddelavhengige og alvorleg somatisk sjuke eller skada personar.
Terskelen skal vere låg for at helsepersonell skal undersøkje kva behov barn som pårørande har for informasjon og oppfølging. Barn av personar med alvorlege helseproblem har ofte behov for informasjon og nødvendig oppfølging for å forstå kva som skjer, for å kjenne seg trygge og vere inkluderte, og for å få hjelp til å meistre situasjonen dei lever i. Informasjonens innhald og form skal tilpassast alderen og modenskapen til barnet.
http://www.barnsbeste.no
Publisert
05.08.2010 10:27 |
Endret
09.03.2012 13:22