Behandling 

Det samla spesialisthelsetenestetilbodet for pasientane på Vestlandet består både av dei offentlege sjukehusa i regionen og dei private leverandørane Helse Vest har avtale med. Dette inkluderer tilbod innan både somatikk, psykisk helsevern, tverfagleg spesialisert rusbehandling og rehabilitering og habilitering.

For å bli tilvist til behandling i spesialisthelsetenesta må kommunen/fastlegen din sende ei tilvising sjukehuset/institusjonen. Dei vil gjere ei vurdering av helsetilstanden din i tråd med pasientrettigheitslova, prioriteringsforskrifta og prioriteringsrettleiarane. Du finn meir informasjon under menypunktet pasientrettar.

Ventar du på operasjon?
Ventetida kan variere mykje mellom sjukehusa og institusjonane både innad i Helse vest og i resten av landet. Som pasient har du rett til å velje kva sjukehus du ønskjer å bli behandla ved. Helse Vest har inngått avtalar med private tilbydarar for å supplere det offentlege tilbodet på ein del område der ventetida kan vere lenger enn det som er ønskjeleg.

Fritt sjukehusval Noreg sin gratis informasjonstelefon: 800 41 004 og nettstaden www.sykehusvalg.no har informasjon om behandlingstilbod, forventa ventetid og pasientrettar.

 Alle behandlingstilbod

Helseføretaka i Helse Vest - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Helseføretaka i Helse Vest

    Emblem Pasienthjelparen
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox