Helse Vest har bygd opp eit solid tilbod innanfor sjukeleg overvekt. Operasjonskapasiteten i regionen har blitt utvida dei siste åra, og det er no etablert eit tilbod i alle helseføretaka i regionen.
Livsstilsbehandling
Kvart år får inntil 72 pasientar tilbod om livsstilsbehandling ved Hauglandssenteret i Fjaler i Sogn og Fjordane. Opplegget inkluderer tre opphald av ulik lengde (3-1-1 veker) over ett år. Det er ein eigendel på 123 kroner per dag. Behandlinga dreier seg om å endre livsstil, med fokus på sunn mat, mosjon og mental trening.
Krav som må oppfyllast:
For å bli vurdert for livsstilsbehandlinga, må pasienten vere mellom 18 og 60 år og ha ein kroppsmasseindeks (KMI) på meir enn 40, eller 35 med tilleggslidingar som følgje av overvekt.
Pasienten må vere i stand til å delta på trening som følgjer av behandlingsopplegga. Pasienten må vidare vere motivert for ei varig livsstilsendring.
Tilvising:
Helse Førde HF
Behandlingssenter for sjukleg overvekt, kirurgisk poliklinikk
Postboks 1000
6807 Førde
Kirurgisk behandling
Helse Førde har regionsfunksjonen for kirurgisk behandling av sjukleg overvekt. Senter for sjukeleg overvekt er lagt til Førde sentralsjukehus og eit sentralt arbeidsområde er å medverke til auka samarbeid og koordinering i behandlinga av sjukleg overvekt innan Helse Vest.
Andre viktige arbeidsoppgåver er poliklinisk verksemd og behandling, forsking, og informasjon til pasientar og primærhelsetenesta.
Senteret er tverrfagleg og er knytt opp til medisinsk avdeling, kirurgisk avdeling, psykisk helsevern, lærings- og meistringssenteret, søvnklinikken, kommunehelsetenesta, og Hauglandssenteret.
Tilvising:
Det er fastlegen som må vise til livsstilsbehandlinga eller kirurgisk behandling. Søknaden skal sendast per post til det enkelte helseføretak.
Helse Førde HF
Behandlingssenter for sjukleg overvekt, kirurgisk poliklinikk
Postboks 1000
6807 Førde
Helse Bergen HF
Voss sjukehus
Kirurgisk avdeling
Sjukehusvegen 16
5700 Voss
Helse Fonna HF
Haugesund sjukehus
Kirurgisk klinikk, gastrokirurgisk seksjon
Postboks 2170
5504 Haugesund
Helse Stavanger HF
Henvisningsmottak
Postboks 8100
4068 Stavanger
Publisert
18.05.2010 13:50 |
Endret
09.03.2012 13:20