Rusbehandling 

Helse Vest har ansvaret for dei tverrfaglege spesialiserte rustenestene for innbyggjarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Her kan du finne ut kven som tilviser til behandlingstilboda for rusmiddelavhengige, krav til kva tilvisinga skal innehalde, korleis tilvisingane blir behandla, og kva behandlingstiltak for rusmiddelavhengige Helse Vest RHF har eller har samarbeidsavtale med.

Ansvaret til Helse Vest RHF
Ansvaret til dei regionale helseføretaka er heimla i lov om spesialisthelsetenester og blir omtalt som tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelavhengige (TSB).

Ansvaret omfattar:
  • avrusing som krev tett medisinsk oppfølging.
  • helsefagleg vurdering, utgreiing og kartlegging av behandlingsbehov.
  • spesialisert (vesentleg helsefagleg) behandling, poliklinisk eller i institusjon .
  • sosialpedagogiske tiltak.
  • institusjonsplassar som kan ta imot rusmiddelmisbrukarar med heimel i helse- og omsorgstenestelova §10–2, §10–3 og §10–4.

Pasientar som blir viste til TSB, blir omfatta av gjeldande lovgiving. Det gjeld mellom anna spesialisthelsetenestelova, pasientrettslova og helsepersonellova.

 Brosjyre 2011 - 2014

Relaterte lenkjer - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Relaterte lenkjer

  

 Alle behandlingstilbod

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox