Fritt sjukehusval 

I Noreg er det rett til fritt sjukehusval. Dette betyr at du som pasient fritt kan velje kva sjukehus du vil ha behandling ved.

Om du ønskjer å søkje behandling ved offentlege, somatiske sjukehus på sentral- og lokalnivå i andre regionar, kan du gjere dette utan å søkje om garanti. Ordninga gjeld òg for enkelte private sjukehus (dei som har avtale med regionalt helseføretak).

Når du nyttar deg av retten til fritt sjukehusval, må du dekkje inntil 400 kroner i eigendel kvar veg for reisa. Dette beløpet får du ikkje påført på eigendelskortet. Les meir på www.pasientreiser.no for å få meir informasjon om rettane dine.

Ved tilvising til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta, skal tilvisinga sendast det sjukehuset som du høyrer til. Dersom du ønskjer det, kan tilvisinga sendast til eit anna offentleg eller privat sjukehus som eit regionalt helseføretak har avtale med.

Opplysningar om ventetider og anna informasjon om fritt sjukehusval:

I akutthjelp-situasjonar har pasienten ikkje rett til å velje sjukehus.

 


 Fritt sykehusvalg

Nytt om fritt sjukehusval - Webdel for å liste ut sider i portalen basert på kanal, innholdstype etc  Nytt om fritt sjukehusval

 Relaterte lenkjer

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox