Læring og meistring 

Det er etablert lærings- og meistringssenter (LMS) i alle helseføretaka i Helse Vest.  LMS er eit opplæringssenter for pasientar med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne, og deira pårørande. Målet for tilbodet er å bidra til auka livskvalitet gjennom betre meistring av livet med sjukdommen. 

 

Ein grunntanke i arbeidet ved lærings- og meistringssentra er at brukarerfaringar skal vere utgangspunktet for rettleiing og informasjon. Læringstilbodet blir derfor utvikla i tett samarbeid med fagmiljøa i sjukehusa og dei enkelte brukarorganisasjonane.

Fleire av helseføretaka har desentralisert lærings- og meistringsfunksjonen slik at tilboda skal vere lettare tilgjengelege for brukarane. Det er utvikla og teke i bruk ein database som gir samla oversikt over alle dei ulike kursa for pasientar og pårørande i helseføretaka i regionen.

På nettstaden til Regionalt kompetansesenter for habilitering og rehabilitering finn du ei samla oversikt over lærings- og meistringstilbodet i regionen.

Tilbod i ditt helseføretak - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Tilbod i ditt helseføretak

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox