Pårørande 



Vår oppgåve er å sørgje for at pasientane får trygge og gode sjukehustenester, med eit profesjonelt behandlingstilbod og omsorgsfull pleie. Vi ønskjer òg å leggje tilhøva til rette for pårørande så godt vi kan.

I tillegg er opplæring av pasientar og pårørande eit viktig tiltak, slik at dei kan bli betre kjente med og lære å takle sjukdommen sin.

Å vere pårørande kan gi usikkerheit, sorg og bekymring i vanskelege og skiftande situasjonar. Det er viktig å kunne få hjelp og støtte.

Det å få tilstrekkeleg informasjon er viktig. Mange synest det kan vere vanskeleg å hugse og forstå alt dei blir fortalt og leser. Ikkje ver redd for å be helsepersonell om å gjenta det dei har sagt, sei det på ein enklare måte, eller å be om meir informasjon. Det kan og vere lurt å notere ned tankar og spørsmål etter kvart som dei dukkar opp.

Dagane som pårørande til ein kritisk sjuk pasient kan vere prega av venting, usikkerheit, sorg, angst og bekymring. Alle menneske er ulike og reagerar ofte svært forskjellig i ulike krisesituasjonar. Mange pårørande synest det er godt å snakke med nokon som ikkje er direkte involvert i behandlinga av pasientar. Avdelingane formidlar gjerne kontakt med andre faggrupper som kan vere til god hjelp i ein vanskeleg situasjon.

Sjukehuspresten kan kontaktast når du treng nokon som kan lytte, eller er i ein vanskeleg livssituasjon der du treng å sette ord på tankar, opplevingar og kjensler.

Sosionom kan hjelpe med rettleiing i høve praktiske, økonomiske og sosiale problem.

I høgremargen finn du informasjon både om tilbod til dei pårørande i alle helseføretaka i Helse Vest, og om læring og meistring.

Pårørande i... - Brukes til å vise koblinger på websiden som kan grupperes og tilordnes en stil, og som kan organiseres ved å dras og slippes  Pårørande i...

 Relaterte lenkjer

© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger | helse@helse-vest.no | Webredaktør |
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox