Pasientreiser er reiser til og frå behandling som er godkjent av det offentlege. Det er ditt lokale helseføretak som dekkjer reisa di.
I Helse Vest er det fire pasientreisekontor. Pasientreiser Helse Førde, Pasientreiser Helse Bergen, Pasientreiser Helse Fonna og Pasientreiser Helse Stavanger.

Dine rettar
Du har rett til å få dekt nødvendige utgifter når du skal reise til og frå behandling. Hovudregelen er at du får dekt billegaste reisemåte med rutegåande transport til og frå nærmaste behandlingsstad. Avstanden til behandlingsstaden må vere minst tre kilometer, og reisa må koste meir enn lokal minstetakst. Du ordnar reisa sjølv og sender reiserekningsskjema etterpå.
Reiserekningsskjema finn du hos behandlaren din eller du kan laste skjemaet ned frå nettstaden www.pasientreiser.no.
Reise med rekvisisjon
Dersom du av helsemessige årsaker ikkje kan ta rutegåande transport, kan du få rekvisisjon til annan transport. Det er behandlaren din som skal vurdere behovet og skrive ut rekvisisjon.
Manglande rutegåande tilbod gir i nokre tilfelle rett til rekvisisjon til annan transport. Det er ditt lokale pasientreisekontor på telefon 05515 som avgjer om du har krav på dette. Dei tek stilling til kva transport som passar.
For reiser med rekvisisjon skal du ikkje fylle ut reiserekningsskjema.
05515 er felles informasjonstelefon for heile landet
På 05515 kan du få informasjon og hjelp i forbindelse med ei pasientreise. Når du ringjer vil du automatisk bli satt i kontakt med det pasientreisekontoret som er nærast der du ringjer i frå. Her kan du få hjelp til reiseplanlegging, utfylling av reiserekningsskjema, informasjon om reiseoppgjer og få rekvisisjon på strekningar der det manglar rutegåande tilbod.
Har du av helsemessige årsaker fått rekvisisjon frå behandlaren din, kan du bestille, bekrefte og endre reisa på 05515. Dette gjeld også flybestillingar.
For meir informasjon om Pasientreiser sjå nettstaden www.pasientreiser.no.
Illustrasjonsfoto: Kjetil Alsvik |
|