Link til hovedinnhold
Link til hovedmeny
English
Aktuelt
Pasient
Fag
Jobb
Media
Om oss
Helse Vest RHF
/
Pasient
/
Pasientrettar
Behandling
Pårørande
Pasientreiser
Pasientrettar
Fritt sjukehusval
Pasient- og brukarombod
Brukarmedverknad
Ventetid
Læring og meistring
Kompetansesenter
Brosjyrar
Pasientrettar
Du har rett til medverknad når du blir pasient. Her er nokre sentrale pasientrettar:
Rett til å velje sjukehus
Alle pasientar som treng planlagt behandling i spesialisthelsetenesta har rett til å velje sjukehus.
Rett til vurdering og frist
Alle som blir viste til eit sjukehus har rett til å få helsetilstanden sin vurdert innan 30 verkedagar. Pasientar som blir vurderte til å ha
”rett til nødvendig helsehjelp”
skal få fastsett ein frist for når helsehjelpa seinast skal ytast. Fristen skal setjast etter ei medisinsk vurdering.
Rett til behandling
Nokre pasientar vil få ein rett til å få nødvendig behandling. Vurderinga av kven som har ein slik rett er gjort mellom anna ut i frå kor alvorleg tilstanden til pasienten er og moglegheita for å betre denne. Pasientar som har behov for spesialisthelsetenester, men som ikkje har rett til nødvendig helsehjelp, skal òg få tilbod om behandling. Denne gruppa må vente noko lenger på behandling.
Rett til informasjon
Pasienten skal informerast om han er vurdert til å ha rett til nødvendig helsehjelp og om den fastsette fristen. I tillegg skal pasienten orienterast om rettane han har ved brot på fristen og om retten til å klage.
Rett til å klage
Pasienten kan klage på den medisinske vurderinga. Dette gjeld mellom anna i høve til vurderinga av om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp eller ikkje og den konkrete fristen pasienten eventuelt har fått.
Det er
Helsetilsynet
som er klageinstans dersom rettane i lova ikkje blir oppfylde.
Pasient- og brukarombodet
kan også hjelpe. Dersom du treng meir informasjon, ring gratis nummer til Fritt sjukehusval 800 41 004 eller sjekk nettstaden
Fritt sjukehusval
.
Pasientrettane dine er regulerte i lova om pasientrettar.
Les meir om pasientrettar i lova
.
Illustrasjon: Elisabeth Moseng.
Relaterte lenkjer
Helsetilsynet
Pasient- og brukarombodet
Fritt sjukehusval
Helsedirektoratet
Lov om pasientrettar
Lovdata
HELFO
Informasjon for privatpersonar
Helseføretak og sjukehus i Noreg
Helsedirektoratet
Helse- og sosialtenesta i kommunane
Helsedirektoratet
Informasjon om pasientrettar
Helsedirektoratet
Norsk pasientregister
Helsedirektoratet
Pasientinformasjon
Helse- og omsorgsdepartementet
Pasientreiser
Norsk pasientskadeerstatning
Statlig forvaltningsorgan lagt under Helse- og omsorgsdepartementet
Kontakt oss
|
Nettstadskart
© Helse Vest RHF | Postboks 303 Forus, 4066 Stavanger | Tlf: +47 51 96 38 00 | Org.nr 983 658 725 | Besøksadresse: Nådlandskroken 11, 4034 Stavanger |
helse@helse-vest.no
|
Webredaktør
|
Ansvarleg redaktør: Bente Aae. Webredaktør: Siri Tjessem Fjælberg. Framsidefoto: Colourbox