|
|
|
|
|
|
|
 |
Forsking - eit satsingsområde Forsking er eit av satsingsområda til Helse Vest, og sjukehus er blant dei viktigaste kunnskapsbedriftene i landet. Målet er å gi pasientane ei behandling som er kjenneteikna av høg kvalitet og tryggleik. Derfor er oppdatering og vidareutvikling av kunnskapen heilt nødvendig. Det må først og fremst skje gjennom forsking og utdanning. Les meir
|
|
|
|
Torsdag og fredag er det klart for Helse Vest sin årlege Forskingskonferanse som blir arrangert på Sola Strand Hotel ved Stavanger. I tillegg til eit variert program er det spaning knytt til kven som vinn årets Forskingspris. (27. oktober 2009) Programmet for konferansen finn du her |
|
Fremming av kandidatar til Forskingsprisen 2009 No er det mogleg å fremje kandidatar til Helse Vest sine forskingsprisar for 2009. Prisane skal delast ut på Helse Vest sin Forskingskonferanse 29. og 30. oktober. Frist for å fremje kandidatar er sett til 1. oktober. Meir informasjon om korleis du kan fremje kandidatar finn du på sidene til Det regionale samarbeidsorganet. (6. august 2009) |
|
Helse Vests forskningsmidlar 2010 Søknadsskjema til Helse Vests forskningsmidlar vil bli lagt ut i løpet av juni 2009. Formål og kriterium er klare og kan lesast her. Dei som planlegg å søkje Helse Vests forskningsmidlar kan allereie no begynne med følgjande: Skrive ein prosjektbeskrivelse, ferdigstille protokoll, søkje om godkjenning til NSD og Regional Etikk Komité, forankre prosjektet lokalt hos avdelingsleiinga, etablere samarbeidsrelasjonar til miljø som det er aktuelt å dra nytte av i prosjektet. For spørsmål om søknadsprosessen, send ein e-post til forskningsmidler@helse-vest.no (13. mai 2009) Les meir på nettsidene til det regionale samarbeidsorganet |
|
|
|
Forskingskonferanse innan psykisk helse 29. oktober 2009 blir det arrangert ein konferanse innan psykisk helse på Sola Strand Hotel på Sola utanfor Stavanger. Forskingskonferansen er i regi av dei tre nettverka innan psykisk helse, og tema for konferansen er ”Forskingsnettverk innan psykisk helse – Kva skjer og kor går vegen vidare?” Påmeldingsfristen er 9. oktober 2009, og målgruppene for konferansen er leiarar innan psykisk helsevern i regionen, forskingsleiarar og andre forskingsinteresserte. Du finn meir informasjon om konferansen og påmelding i invitasjonen under. (30. april 2009) Invitasjon (pdf) |
|
|
|
Løyver 83 millionar til forsking i 2009 Det regionale samarbeidsorganet har løyvd i overkant av 83 millionar kroner til ulike forskingsprosjekt i dei lokale helseføretaka. (4. desember 2008) Les meir |
|
Nye strategiske satsingsområde i Helse Vest Det regionale samarbeidsorganet har innstilt 10 tematiske område som dei saman med Helse Vest ønskjer å utvikle til strategiske satsingsområde. (4. desember 2008)
Les meir |
|
Forskingskonferansen 2008
Torsdag 30. og fredag 31. oktober er det klart for den sjette regionale forskingskonferansen i Helse Vest. Eit tema på konferansen er forskingsevaluering. Det blir også delt ut to prisar under arrangementet. (2. september 2008)
Les meir |
|
Føreslå kandidatar til forskingsprisane
Helse Vest og Det regionale samarbeidsorganet har sidan 2003 delt ut forskingsprisar i samband med Helse Vest sin regionale forskingskonferanse. Alle som arbeider i helseregionen kan føreslå kandidatar til prisane. (1. september 2008)
Les meir |
|
Strategi for styrking av helsefagleg forsking i Helse Vest Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og høgskulene / Universitetet i Stavanger tok i fjor eit initiativ til eit felles prosjekt for å styrkje den helsefaglege forskinga i regionen. Målet var å utarbeide eit strategisk dokument med konkrete tiltak for å styrkje forskninga og forskingssamarbeidet. Dokumentet skal vere eit grunnlag for Samarbeidsorganet sitt vidare arbeid med for å styrke forsking og forskingssamarbeid i perioden 2007 – 2010. (Oppdatert 5. desember 2007) Les rapporten (pdf) |
|
|
|
70 doktorgradsstipendiat finansiert av Helse Vest I 2006 blei over halvparten av forskingsmidlane til Helse Vest brukte til doktorgrads- og postdoktorstipend. Kva som kjenneteiknar desse stipendiata er nærare beskrive i Forskingsrapporten 2006, som no er fullført. (16. mars 2007) Les meir |
|
|
|
Tildeling av søkbare forskingsmidlar 2007 Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta på Vestlandet fordeler kvart år midlar til dei mange forskingsmiljøa i regionen. For 2007 er det fordelt i overkant av 75 millionar kroner til forskingsprosjekt. 99 nye prosjekt har fått forskingsmidlar. Det kom inn 346 søknader til årets tildeling av forskingsmidlar, ein auke på 17 prosent frå 2006. (4. januar 2007) Les meir på nettsidene til det regionale samarbeidsorganet |
|
|
|
Pris til MR-forsking på psykiske lidingar fMRI-gruppa i Bergen ved professor Kenneth Hugdahl fekk i går kveld prisen for framragande forsking og nybrottsarbeid for sin bruk av funksjonell MRI for å finne samanhengar mellom hjernefunksjonar og psykiske lidingar. Prisutdelinga skjedde under Den regionale forskingskonferansen som fann stad på Solstrand utanfor Bergen. (27. oktober 2006) Les meir |
|
|
|
God vekst for forsking i vest Helse Vest auka forskingsproduksjonen sin i 2005. Regionen er den nest største forskingsregionen i landet. - Forsking er ein svært viktig del av det arbeidet Helse Vest skal gjere for innbyggjarane i regionen. For at vi skal yte best mogleg helsetenester no og i framtida, er det viktig at forskingsmiljøa på Vestlandet blir gitt gode vilkår for utvikling og vekst, seier fagdirektør i Odd Søreide i Helse Vest. (11.september 2006) Les meir |
|
|
|
101 millionar til helseforsking i 2006
Samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta på Vestlandet fordelte måndag 101 millionar kroner til helseforsking på Vestlandet i 2006. (Pressemelding 30. november 2005) Les meir |
|
|
|
To prisutdelingar for forsking
Helse Vest delte i går kveld ut to prisar for eineståande forsking og fagleg nybrottsarbeid. Prisutdelinga skjedde under Den regionale forskingskonferansen som fann stad i Bergen. (pressemelding 21. oktober 2005) Les meir |
|
|
|
Kan vi få ein kur mot kreft, takk? Takka vere forsking kan vi om nokre år ha fått ein heilt ny immunkur mot kreft, skriv Helge Bryne i denne kronikken. Bryne er avtroppande leiar for samarbeidsorganet mellom Helse Vest og universiteta på Vestlandet. (19. oktober 2005) Les meir
|
|
|
|
Helse Vest nest størst på forsking Ferske tal viser at Helse Vest i 2004 held på plassen som Noregs nest største forskingsregion. Helse Vest har også auka forskingsproduksjonen sett i forhold til dei andre helseregionane. Det gir meir pengar i forskingspotten. (16. september 2005) Les meir |
|
|
|
Kandidatar til forskingsprisar Helse Vest vil også i år dele ut forskningsprisar til forskingsmiljø som åleine, eller i samarbeid med andre, hever og fremjer det faglege nivået i Helse Vest, og til forskar som i særleg grad har utført arbeid som er lagt merke til nasjonalt og internasjonalt. Prisane vil bli delt ut i samband med Helse Vest sin forskingskonferanse 20. og 21. oktober. Frist for å melde inn kandidater: 15. september. (6. juli 2005) Les meir på nettsidene til Det regionale samarbeidsorganet |
|
|
|
Akuttdagane: Betre akuttmedisinsk forskning, undervising og læring Korleis ein kan betre akuttmedisinsk forskning, undervising og læring i Helse Vest-regionen? Dette var i fokus på Akuttdagane, som blir arrangert 25. - 26. november. Akuttdagene er et samarbeidsprosjekt mellom Helse Vest, Akuttklinikken i Helse Stavanger, Universitet i Bergen, Høgskolen i Stavanger og Laerdals Fond for Akuttmedisin. Ei rekkje foredrag blei haldne, desse er lagt ut på nettsidene til Akuttdagane. (6. desember 2004)
|
|
|
|
68 millionar fordelt til helseforsking 68 millionar kroner er fordelt på forskingsprosjekt i Helse Vest for 2005 - ein auke på 13 millionar frå i år. I tillegg kjem ei vesentleg tildeling til strategiske forskingssatsingar i regionen. Det er den høge forskingsaktiviteten i Helseregion Vest som har gitt auka løyvingar. (Pressemelding 23. november 2004) Les meir |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|