logo Helse Vest

Åstveit Helsesenter

Åstveit Helsesenter ligg i Bergen kommune, rett nord for Bergen sentrum. Senteret har tilbod innanfor kreft, nevrologi, hjerneslag, hjartesjukdommar, lungesjukdommar, ortopediska tilstandar, kronisk muskel- og blautdelssmerter og brotskadar. I tillegg er det døgntilbod for arbeidsretta behandling.

Foto av et helsesenter med park og grønt rundt.

Åstveit Helsesenter har eit døgntilbod om arbeidsretta behandling og eit dag- og døgntilbod til følgjande diagn​​​osegrupper:

  • kreft
  • nevrologi
  • hjerneslag
  • hjartesjukdommar
  • lungesjukdommar
  • ortopediske tilstander
  • kroniske muskel- og blautdelssmerter
  • brotskadar

​Pasientar som har vore til døgnrehabilitering, kan gå over til dagrehabiliteringstilbodet, men pasientar kan også tilvis​​ast direkte til dagtilbodet.

Hovudinnhaldet i ti​​lbodet ved Åstveit Helsesenter:​

Mål for rehabil​​iteringa:​

  • Betre fysisk og psykisk helse med betra funksjonsevne, auka deltaking og aktivitet i kvardagen og betra livskvalitet
  • Meistring og tryggleik i samband med ADL og aktivitet
  • Optimalisering av relevante medisinske faktorar før utskriving
    Sikre og leggje til rette for ei god og forsvarleg overføring til heimen.

​​​Tiltak for å nå​ måla:

  • Vareta dei grunnleggjande fysiske, psykiske, eksistensielle og sosiale behova til pasienten gjennom heile døgnet
  • Kartleggje den fysiske, psykiske og kognitive tilstanden til pasienten
  • Utarbeide tverrfagleg behandlingsplan for opphaldet saman med pasienten
  • Tilpassa individuell oppfølging/behandling ved behov
  • Individuelle støttesamtalar etter behov
  • Gruppetilbod: Fellestrim, tur, undervisning i stress/mestring, kosthold, fallførebygging, fatigue og energiøkonomisering
  • Undervisning i aktuelle tema for diagnosegruppa
  • Pasientar på ordninga «raskare tilbake» får tilbod om oppfølging i inntil 12 månader etter opphaldet. Ein kan velje mellom kontakt per telefon, e-post eller personleg oppmøte.

Bistandsb​​ehov

​Alle pasientar ved Åstveit Helsesenter får enklare hjelp og assistanse ved behov. I tillegg kan om lag 14 prosent a​​v døgnplassane ved senteret ta imot pasientar med behov for døgnkontinuerleg assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skuldast lettare kognitive vanskar.

Åstveit Helsesenter kan også ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til ​​30) innanfor pasientgruppene kreft, nevrologi og hjerneslag.

Faggru​​pper

Tverrfagleg rehabilitering ve​​d Åstveit Helsesenter blir utført av følgjande faggrupper:

  • legar (spesialist i allmennmedisin)
  • sjukepleiarar
  • fysioterapeutar
  • ergoterapeutar
  • idrettspedagog
  • ernæringsfysiolog

Kontaktinform​​asjon

Åstveit Helsesenter
Åstveitveien 73
5106 Øvre Ervik

Telefon: 55 53 97 00

E-post:
post@astveithelsesenter.no

Heimeside:​
www.astveithelsesenter.no

Sist oppdatert 26.04.2023