logo

PTØ Stavanger

PTØ Stavanger ligg på Hinna i Stavanger kommune. Senteret har eit dagtilbod for barn og unge med medfødde, erverva eller progressive sjukdommar i sentralnervesystemet og gir også eit avgrensa tilbod til vaksne med slike sjukdommar.

Gutt og helsepersonell leker og lærer. Foto.

​​Hovudinnhaldet i tilbodet:

​Mål for rehab​​iliteringa:

  • utvikle individuelle meistringsstrategiar som møter behova pasienten har i kvardagen
  • gi den enkelte best moglege føresetnader for å klare seg sjølv i dagleglivet

Tiltak for å nå​​ måla:

  • ​SMART-mål blir utarbeidde i samarbeid med pasienten og med utgangspunkt i tilvisinga og vår faglege vurdering. Desse måla jobbar vi systematisk mot og dei blir evalurte ved bruk av GAS (Goal Attainment Scaling)
  • tilnærminga til habiliteringa er at dette er ein læringsprosess som skjer i eit samspel mellom pasienten og fagpersonen
  • ​motoriske, kognit​ive, sosiale og språklege funksjonar blir utvikla samtidig i habiliteringsprosessen
  • ​pasienten lærer rel​​evante teknikkar som kan brukast for å takle spesifikke kvardagslege utfordringar
  • innhaldet er alderstilpassa

Bistandsbe​​hov

PTØ-Senteret kan ta imot pasientar med behov for assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skuldast lettare kognitive vanskar. Senteret kan i tillegg ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 30).

Faggru​pper

  • Treninga på PTØ blir utført av fysioterapeut, ergoterapeut og habiliteringspedagog.
  • Fysioterapeuten jobbar både med individuell fysioterapi og gruppetrening, gjennomfører tilpassa styrkjetrening, tøying, kartlegging og testing.
  • Ergoterapeuten utøver finmotorisk trening og handfunksjon. Bistår i hjelpemiddeljusteringar og gjennomfører ADL-økter.​
  • Habiliteringspedagogane har ei spesialisert tverrfagleg helsepedagogisk utdanning retta inn mot akkurat denne pasientgruppa og lærer pasientane bevegelsesteknikkar og meistringsstrategiar som er overførbare til kvardagen.   

PTØ Stavanger
Gamleveien 5, 3. etg
4018 Stavanger

Tlf: 52 10 99 10 eller mobil 934 39 910

E-post: post@ptonorge.no​​

Heimeside: www.ptø.no

Sist oppdatert 28.04.2023