PTØ Stavanger
PTØ Stavanger ligg på Hinna i Stavanger kommune. Senteret har eit dagtilbod for barn og unge med medfødde, erverva eller progressive sjukdommar i sentralnervesystemet og gir også eit avgrensa tilbod til vaksne med slike sjukdommar.

Hovudinnhaldet i tilbodet:
Mål for rehabiliteringa:
- utvikle individuelle meistringsstrategiar som møter behova pasienten har i kvardagen
- gi den enkelte best moglege føresetnader for å klare seg sjølv i dagleglivet
Tiltak for å nå måla:
- SMART-mål blir utarbeidde i samarbeid med pasienten og med utgangspunkt i tilvisinga og vår faglege vurdering. Desse måla jobbar vi systematisk mot og dei blir evalurte ved bruk av GAS (Goal Attainment Scaling)
- tilnærminga til habiliteringa er at dette er ein læringsprosess som skjer i eit samspel mellom pasienten og fagpersonen
- motoriske, kognitive, sosiale og språklege funksjonar blir utvikla samtidig i habiliteringsprosessen
- pasienten lærer relevante teknikkar som kan brukast for å takle spesifikke kvardagslege utfordringar
- innhaldet er alderstilpassa
Bistandsbehov
PTØ-Senteret kan ta imot pasientar med behov for assistanse og tilrettelegging i samband med til dømes personleg stell, påkledning, forflytting og måltid. Bistandsbehova kan også skuldast lettare kognitive vanskar. Senteret kan i tillegg ta imot eit avgrensa tal pasientar med særleg store bistandsbehov (Barthel ADL indeks ned til 30).
Faggrupper
- Treninga på PTØ blir utført av fysioterapeut, ergoterapeut og habiliteringspedagog.
- Fysioterapeuten jobbar både med individuell fysioterapi og gruppetrening, gjennomfører tilpassa styrkjetrening, tøying, kartlegging og testing.
- Ergoterapeuten utøver finmotorisk trening og handfunksjon. Bistår i hjelpemiddeljusteringar og gjennomfører ADL-økter.
- Habiliteringspedagogane har ei spesialisert tverrfagleg helsepedagogisk utdanning retta inn mot akkurat denne pasientgruppa og lærer pasientane bevegelsesteknikkar og meistringsstrategiar som er overførbare til kvardagen.
Sist oppdatert 28.04.2023